Westminster-modellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Westminstermodellen er ei parlamentarisk styringsform, basert på det britiske parlamentet. Modellen, også kalla majoritetsmodellen, er i snever forstand meint til å berre omtale systemet til det britiske parlamentet i Palace of Westminster. Den breie definisjonen av termen er meint til å forklare demokratimodellen som i all hovudsak har sitt opphav frå Storbritannia.

Modellen er teoretisk, og det finst ingen perfekte Westminster-land, men delar av den er særs utbreidd, noko som har mykje med at Storbritannia sine tidlegare koloniar ofte har adoptert den etter at kolonimakta meir eller mindre har trekt seg ut av landet. Eksempel på dette er til dømes New Zealand, Canada og Barbados; alle desse har store fellestrekk med Westminstermodellen i styringsforma.

Ideallandet[endre | endre wikiteksten]

Statsvitaren Arend Lijphart førte nokre punkt for korleis eit idealland i Westminster-modellen skal vere[1]:

  • Fleirtalsval i einmannskretsar
    • Såkalla «first past the post» (FPP) -val, der landet er delt i kretsar der eit mandat blir valt frå kvar. Fleirtalet vinn mandatet, uansett kor nært dei to måtte vere. Dette er ofte ein av årsakene til topartisystemet. Kan i ekstreme tilfelle føre til særs dårleg samanheng mellom stemmer og seter i parlamentet, som i 1981 i New Zealand sitt nasjonalistparti fekk 39 prosent av stemmene og 51 prosent av seta i parlamentet. Same året fekk partiet Social Credit 20.7 prosent av stemmene, men berre 2,1 prosent av seta. Som følgje av majoritetsvala får ein eittparti-regjeringar der partiet også har fleirtal i parlamentet.
  • Samansmelting av makta mellom utøvande og lovgivande makt
    • Sidan eit parti har fleirtalet i begge.
  • Topartisystem, eller tilsvarande der to parti har størsteparten av parlamentet sine seter, og vekslar på makta.
    • Mindre parti finst, men har lite innverknad.
  • Dei manifeste skiljelinjene ligg oftast langs den sosioøkonomiske dimensjonen.
  • Ideallandet vil også vere ein einingsstat med eit sterkt, sentralisert styre.
  • Lovgivande makt i eittkammersystem, eller assymetriske tokammersystem der makta hovudsakleg er i eit av kammera. ** Storbritannia har til dømes Overhuset som i realiteten har lite makt, og som mange meiner er på veg til å bli nedlagt.
  • Lovgivande makt har siste ord når det gjeld lovane dei legg fram
    • Dette fordi det enten ein konstitusjonell lov ikkje eksisterer, eller det berre er fleksible grunnlover som kan overstyrast med simpelt fleirtal.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lijphart, Arend (1999) Patterns of Democracy: Government Forms and Performance in Thirty-Six Countries, 2.. utg. – Yale University Press, Yale. ISBN 0-300-07893-5.