Wicklowfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wicklowfjella
Upper Lake ved Glendalough
Upper Lake ved Glendalough
Høgd over havet 925 moh
Ligg i/på Leinster i Irland Republikken Irland
Koordinatar 53°05′N 6°20′WKoordinatar: 53°05′N 6°20′W
Bergartar frå 500 millionar år

Wicklowfjella (irsk Sléibhte Chill Mhantáin) er ei fjellkjede søraust i Republikken Irland. Ho inneheld mellom anna dei nordlege Dublinfjella og går hovudsakleg frå nord til sør frå sør i County Dublin gjennom County Wicklow og inn i County Wexford. Lugnaquilla er det høgaste fjellet med ei høgd på 925 meter over havet, Mullaghcleevaun med 847 moh er det nest høgaste. Fjellet Kippure er det høgaste punktet i County Dublin med 757 moh.

Elva Slaney har sitt utspring sørvest for Lugnaquilla og renn så sørover langs vestsida av fjella i 72 km før ho munnar ut i Irskesjøen ved Wexford.

Dublinarne går mykje på tur i området, særleg i helgene, og fjella er eit populært rekreasjonsområde som vert nytta til fiske, rafting og fjellturar. Midt i fjella ligg klosterbusetnaden Glendalough, som ein meiner vart grunnlagd av St. Kevin. Her ligg òg Powerscourtfossen, det høgaste fossefallet på Irland.

Den sørlege grensa til Wicklowfjella er sett ved fjellet Croghan, det høgaste punktet på grensa mellom Wicklow og Wexford, og den einaste staden på Irland der ein opplevde gullfeber1800-talet.

Høgaste toppar[endre | endre wikiteksten]

Dei ti høgaste toppane i Wicklowfjella er:

Rangering Fjell Høgd Bilete
1 Lugnaquilla 925 CO0497Peaklug.jpg   
2 Mullaghcleevaun 849 CO0497Mullaghcleevaun5169w.jpg   
3 Tonelagee 817 CO0497IMGTonelageeR756 4975cw.jpg   
4 Cloghernagh 800 CO0497Cloghernagh.jpg   
5 Corrigasleggaun 794 CO0497Corrigasleggaun.jpg   
6 Slievemaan 759 CO0497Slievemaan.jpg   
7 Camenabologue 758 CO0497Camenabologue.jpg   
8 Kippure 757 CO0497KippurePoor5179w.jpg   
9 Conavalla 734 CO0497Conavalla.jpg   
10 Djouce 725 CO0497IMG Djouce5329.jpg   

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wicklowfjella

Kjelder[endre | endre wikiteksten]