County Wexford
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| County Wexford Contae Loch Garman |
|
![]() |
|
| Statistikk | |
| Provins: | Leinster |
|---|---|
| Hovudby: | Wexford |
| Bilnummer: | WX |
| Areal: | 2 352 km² |
| Folketal (2006): | 131 749 |
| Folketettleik: | 56 /km² |
| Nettside: www.wexford.ie | |
County Wexford (irsk Contae Loch Garman) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wexford. Namnet på byen, og dermed grevskapet, kjem frå norrøne namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene.
Eit fylke, Wexford County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.
County Wexford grenser til Wicklow og Carlow i nord, Kilkenny og Waterford i vest, Det keltiske havet i sør og Irskesjøen i aust.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
I 1169 invaderte anglo-normannarane Wexford etter oppfordring frå kongen av Leinster, Diarmuid MacMurrough Kavanagh. Dette var det første skrittet mot den engelske koloniseringa av øya. Under det irske opprøret i 1798 sto nokre av dei hardaste kampane i Wexford, spesielt slaget ved Enniscorthy og slaget ved Boolavogue.
Det var i 1970-åra planar om å byggje eit atomkraftverk ved Carnsore Point. Dette vart skrinlagt, og det står no eit vindkraftverk med 14 vindmøller der.
[endre] Byar og landsbyar i Wexford
- Adamstown
- Arthurstown
- Ballcullane
- Ballygarrett
- Ballykelly
- Bridgetown
- Broadway
- Campile
- Castlebridge
- Coolgreany
- Courtown
- Craanford
- Crossabeg
- Curracloe
- Duncannon
- Enniscorthy
- Ferns
- Gorey
- Inch
- Kilmore
- Kilmore Quay
- Monamolin
- New Ross
- Oylegate
- Wellington Bridge
- Rathnure
- Saltmills
- Taghmon
- Wexford
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Wexford frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |
||


