Wikipedia-diskusjon:Wikipedia på ulike språk
Skal me ta med slikt som kvart språk sitt namn på språket sjølv eller alle wikimediaprosjekta? Er ikkje desse listene meir oppdaterte? [1] [2] [3] [4] Ta ein kik på listene og sei noko om kva som bør med. Får eg tid, set eg i gang. Lovar ingen ting.--Gamlevegen 5. februar 2009 kl. 03:04 (CET)
- Spesial:SiteMatrix er oppdatert, sjølv om det ligg litt rusk innimellom (som dk og closed-zh-tw), og ligg også her som spesialside. Sjølv meta:Complete list of Wikimedia projects er ikkje komplett, Wikipedia på egyptisk arabisk (masri), som opna i november i fjor, er t.d. ikkje med der. På den andre sida er somme (alle?) av dei stengde wikiane fjerna frå lista, som aa.wikipedia.
- Oppdatert er også meta:List of Wikipedias. Ho inneheld lenkje til artikkelen om språket på en.wikipedia og er difor den nyttigast av desse listene for meg.
- Om det vert lagd til lenkje til artikkelen om språket også her vil det gjere lista nyttigare.
- T.d. slik:
Wikipedia | Språk, norsk namn |
Språk, lokalt namn |
Merknadar |
---|---|---|---|
aa | afar | Afar | wikien er stengd |
ab | abkhasisk | Аҧсуа | |
af | afrikaans | Afrikaans | |
ak | akan | Akana | akan vert no rekna som ein språkfamilie |
als | alemannisk | Alemannisch | ligg på feil prefiks i forhald til ISO 639-2-koden, og skal truleg flyttat til prefikset gsw |
am | amharisk | አማርኛ | |
an | aragonesisk | Aragonés | |
ang | gamalengelsk | Englisc | utdøydd språk |
arc | syrisk nyarameisk | ܐܪܡܝܐ | |
arz | masri | مصرى | |
as | assamesisk | অসমীয়া | |
ast | asturiansk | Asturianu | |
av | avarisk | Авар | |
ay | aymara | Aymar | |
az | aserbajdsjansk | Azərbaycan |
--Jorunn 6. februar 2009 kl. 04:41 (CET)
Dette er jo veldig fint. Denne tabellen blir vel gjort ferdig i etappar. Her eller på prosjektsida eller ein annan stad?--Gamlevegen 6. februar 2009 kl. 18:42 (CET)
Neste etappe[endre wikiteksten]
No er den store tabellen - og litt til - på plass. Er det noko meir som bør vere med? Det er fint om nokon no kan hjelpe til med den vidare utforminga av sida.--Gamlevegen 22. mai 2009 kl. 00:54 (CEST)