Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Vårofferet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vårofferet[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har arbeidd ein del med denne, og har skrive om lag 50 støtteartiklar. For det meste basert på omsetjing av den engelske artikkelen, men har strukturert om ein del og omarbeidd noko. Helsing frå Martin 5. august 2009 kl. 14:49 (CEST)[svar]

Eg stemmer for når eg har lese gjennom han meir grundig og når originalteksten frå dei omsette sitata vert lagde til i referansane. Sjå t.d. R.E.M. for korleis dette kan gjerast. --EIRIK\diskusjon 14. august 2009 kl. 20:39 (CEST)[svar]
Har lese gjennom, og har desse kommentarane:
  • «Premieren fann stad 29. mai 1913 i Paris' Théâtre des Champs-Élysées …» – Denne skrivemåten uttrykkjer eit eigeforhold som eg synest vert litt merkeleg, for det er vel ikkje byen Paris som eig teateret. Det er ikkje sikkert du er einig, men eg føreslår å endre dette til «… i Théâtre des Champs-Élysées i Paris …»
    • Fiksa.
  • Eg har problem med å forstå kva den siste setninga i det fyrste avsnittet under «Pianoversjonen og tempomarkering» viser til.
    • Prøvd å retta, forståelig nå?
  • Må ordet «Introduksjonen» i fjerde avsnitt under «Stiltrekk» skrivast med stor I?
    • Nei, det var ein skriveleif.
  • Det er ein del sitat som manglar kjelde i fjerde og femte avsnitt under «Stiltrekk».
    • Det er nok framleis sitat frå George Perle. På en: har dei bare skrive sidetal, skal me gjera det her òg?
  • Eg forstår kva du meiner i aller siste setning under bolken «Stiltrekk», men setninga kan også tolkast som at det var den engelske tittelen som var så viktig for den komande klassiske musikken.
    • Prøvd å betra formuleringa.
  • Den siste setninga i avsnittet «Innverknad» er noko tung. Kan ho gjerast lettare fordøyeleg på nokon måte?
    • Har prøvd.
  • I avsnittet «Kjelder», både i litteraturkjeldene og fotnotane, er det ein del som ikkje er omsett, og kjeldene er sette opp på ein «engelsk» måte.
    • Eg kan lite om kjelder, og om koss dei skal setjast opp. Kanskje nokon kunne ha hjelpt med det?
  • Fint viss du kunne ha laga meir skildrande tekstar til referansane 9–22.
    • Fiksa.

Men dette er jo berre pirk frå mi side. Alt i alt er jo artikkelen kjempegod både språkleg, så vel som innhaldsmessig. --EIRIK\diskusjon 14. august 2009 kl. 21:46 (CEST)[svar]

Takk! Helsing frå Martin 15. august 2009 kl. 00:36 (CEST)[svar]

Eg røystar FOR, men skulle gjerne også hatt ein norsk referanse/norsk vinkling eller to. Eg høyrde Vårofferet i konserthuset med filharmonien under leiing av Mariss Janssons i 1993, og det var ei sterk oppleving. "Det var ei sterk oppleving," seier Brukar:Bep. Sjå, der har du den norske referansen. --Bep 14. august 2009 kl. 22:01 (CEST)[svar]

:-) Det same gjer eg, men eg håpar ikkje kommentarane mine går i gløymeboka … --EIRIK\diskusjon 15. august 2009 kl. 00:07 (CEST)[svar]
Og det gjorde dei ikkje. Tusen takk for rettingane, Martin. No «godgjer» eg han! :-) --EIRIK\diskusjon 16. august 2009 kl. 12:18 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]