Wilhelm Kvalheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Kvalheim

Fødd 20. juni 1877
Død

12. desember 1950 (73 år)

Yrke skribent

Wilhelm Kvalheim (20. juni 187712. desember 1950) var ein norsk lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar. Han var frå Kvalheim i Vågsøy kommune og var også m.a. busett i Selje, Stryn og Volda.

Kvalheim tok lærareksamen i 1897, og var lærar i Selje 1897-1900, på Bergens kommunale skule for åndsveike 1901-1903, på Florø kommunale mellomskule i Florø 1903-1906, i Selje 1906-1908, i Stryn 1908-1913, på Volda lærarskule 1913 og overlærar der frå 1924. Kvalheim var leiar i Nordfjord krins av Norges Kristelege Ungdomsforbund (NKUF).

Wilhelm Kvalheim var kunstmålar og stilte ut på Statens kunstutstilling i 1930. Han gav ut ei lærebok i teikning, og gjorde mykje av innsamlingsarbeidet for bygdeboka: Selje og Vågsøy : bygdene og bygdesamfunnet, ved Edvard Os.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1907 – Moldøen : enkelte træk af stedets historie (Bergen: Bergens Historiske Forening)  [Er del av: Skrifter (Bergens historiske forening : trykt utg.) 13:1]
  • 1924 – ABC-bok (Bergen: Lunde)  [Forfattar: Andreas Austlid. Teikningar av Nils Bergslien og Wilhelm Kvalheim. Ny og umvølt utgåve]
  • 1927 – Gamle joleskikkar serleg frå Vestlandet (Oslo: Samlaget)  [Særprent or Syn og Segn, hefte 10, 1927]
  • 1930 – Teikning i småskulen : ei hjelpebok for skulen og heimen (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1932 – Tavleteikning (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1936 – Rettssaker um trolldom i Nordfjord frå 1600-talet (Oslo: Noregs ungdomslag)  [Særprent or Syn og Segn]
  • 194? – Då Volda vart skuleby : eit 80-årsminne og eit kulturbilete frå Nordvestlandet (Volda)  [Særprent or "Syn og Segn" hefte 4, 1941]
  • 1949 – Gapestokken (Oslo: Samlaget)  [Særprent or Syn of segn, 1949]
  • 1949 – Heilagdomane på Selja (Volda: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1960 – Volda kyrkje (Volda: Eige forlag)

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]