William Merritt Chase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1915
Frukost i det fri, 1888
Stilleben med grønsaker

William Merritt Chase (1. november 184925. oktober 1916) var ein USA-amerikansk målar som er mest kjend for sine verk i den impresjonistiske stilen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Chase var fødd i Nineveh i delstaten Indiana. Han var son til ein skomakar og studerte mellom anna ved 'National Academy of Design'. I 1871 la han ut på ei fleirårig reise til Europa, der han studerte dei store nederlandske meistermålarane, særleg Frans Hals. Han vart særleg påverka av naturalismen og av Gustave Courbet sine verk. I 1876 vann han ein gullmedalje på Verdsutstillinga i Philadelphia, noko som gav han eit internasjonalt ry. Sidan endra han målarstil og byrja lage bilete som henta impulsar frå impresjonismen, og han voks til å verte ein av dei fremste USA-amerikanske målarane i sin generasjon.

Chase måla i olje, pastell, blekk, akryl, og på alle slags overflater. Også kva gjeld fargebruk og tema var han svært ymsesidig i sine måleri og teikningar. Til dømes måla han landskap, stilleben og portrett. Fleire berømte personar stod modell hos han.

Chase var i 1880-åra ein omtykt lærar på 'Art Students League of New York'. Seinare dreiv han sin eigen 'Chase School of Art', og var leiar av 'Society of American Artists'. Gjennom desse posisjonane hadde han stor innverknad på ein heil generasjon av komande kunstmålarar i USA. Mellom desse var Charles Demuth, Marsden Hartley, Georgia O'Keeffe, Pauline Palmer, som alle gjekk i lære hos Chase. Sjølv var han medlem av National Academy of Design og av 'Ten American Painters'.

Chase døydde i New York City i 1916.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Merritt Chase

Kjelder[endre | endre wikiteksten]