William Phips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phips portrait.jpg

Sir William Phips eller Phipps (2. februar 165018. februar 1694) var ein skipsbyggar, skipskaptein, skattejeger, offiser og den første kongelege utpeikte guvernøren i provinsen Massachusetts Bay.

Han kom frå fattige kår og hadde lita utdanning og var skipsbyggar i Boston før han la ut på fleire skattejakter i Vestindia. Han vart kjend i London då han oppdaga ein stor skatt frå ein søkkt spansk gallion, noko som gjorde at han vart rik og så slått til riddar. I 1690, under Kong Vilhelm-krigen, leia han eit suksessrikt raid mot Port Royal i Acadia. Under same krigen mislukkast han derimot i forsøket på å erobre Quebec same året.

Trass i dette gjorde samband hans til London og den innverknadsrike Mather-familien at han vart utnemnd som guvernør i Massachusetts. Han var ikkje politisk sofistikert og vart innvikla i fleire kontroversielle hendingar, mellom anna slåstkampar med andre embetsmenn, og han vart kalla attende til England for å svare på tiltalane. Han døydde i London før tiltalane mot han vart høyrt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]