Provinsen Massachusetts Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Massachusetts Bay
Koloni i Storbritannia
Plymouthkolonie.jpg
 
Blank.png
 
Blank.png
1692 – 1774
(de facto)
1691 – 1783
(de jure)
Flag of Massachusetts.svg
 
Flag of Nova Scotia.svg
Location of Massachusetts
Kart som syner kolonikrava knytte til provinsen
Monark
 - 1691–1694 William og Maria
 - 1769–1776 Georg III
Kongeleg guvernør
 - 1692–1694 Sir William Phips
 - 1694–1774 full liste
 - 1774–1775 Thomas Gage
lovgjevingsmakt General Court
Historie
 - Lov vedteke 1691
 - Guvernør Sir William Phips kjem til kolonien 1692
 - Provinskongress oppretta Oktober 1774
 - Sjølvstendeerklæringa til Massachusetts 1. mai 1776
 - Godkjenninga av Massachusetts-grunnlova Oktober 1779
 - Paris-traktaten 1783

Provinsen Massachusetts Bay var ein kronkoloni organisert 7. oktober 1691 i Nord-Amerika av William og Maria, dei samanslutta monarkane av England og Skottland. Kontrakten vart innført 14. mai 1692 og inkluderte Massachusetts Bay-kolonien, kolonien Plymouth, Martha's Vineyard, Nantucket, Provinsen Maine og det som no er Nova Scotia. (Nova Scotia vart skilt ut i 1696 og vart provinsen Nova Scotia i 1713). Provinsen New Hampshire fekk sjølvstendet sitt frå Massachusetts Bay då provinsen Massachusetts Bay vart oppretta.

Frå 1691 reknast vanlegvis historia til provinsen Massachusetts Bay som identisk med Massachusetts. «William og Maria-kontrakten» frå 1691 fekk éitt tillegg av kong George I sin «forklarande kontrakt» som ekspanderte dei opphavlege rettane som vart gjeve kolonien. Provinsen Massachusetts Bay eksisterte til omtrent 7. oktober 1774 då domstolane i Massachusetts oppretta ein provinsiell kongress som svar til den tettande kontrollen til trona, og som eit føregåande vedtak til opprøret i den amerikanske sjølvstendekrigen. Konstitusjonen eller styreforma for Commonwealth of Massachusetts vart vedteke i Cambridge i oktober 1779 og adoptert av delegatane ni månader seinare i juni 1780 til å tre i kraft «den siste onsdagen i komande oktober».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]