William av Ockham
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William av Ockham (også Occam og fleire andre stavemåtar) 1285-1349 var ein engelsk fransiskanar og filosof.
Ockham blir rekna som ein av dei viktigaste logikarane gjennom tidene. Namnet hans blir i dag gjernne knytta til prinsippet om at det enklaste er det beste: Ein skal velje den enklaste løsninga av fleire moglege, ein skal kutte ut (barbere bort) overflødige antakelsar. Dette prinsippet blir kalla for Ockham sin barberkniv (Occam's razor).