Wolfgang Panofsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wolfgang Kurt Hermann «Pief» Panofsky (24. april 191924. september 2007) var ein tysk-amerikansk fysikar.

Han var professor ved University of California, Berkeley frå 1946 til 1951 og så professor ved Stanford University, California. Der vart han frå 1953 direktør ved høgenergifysikklaboratoriet. Frå 1962 var han direktør for Stanford Linear Accelerator Center. Panofsky er kjend for planlegging av eksperiment som førte til oppdaginga av det nøytrale pi-mesonet (1951) og for mange andre arbeid innan elementærpartikkelfysikken.

Han har vore rådgjevar for den amerikanske regjeringa mellom anna i samband med romforskingsprogrammet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]