Xantofyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den kjemiske strukturen til kryptoxanthin
Fargen på ei eggeplomme kjem frå xantofyll og zeaxantin

Xantofyll (frå gresk xanthos, 'gul' og phyllon, 'blad') er eit gult fargestoff som finst i mange organismar. Dei fleste gule fargane hos blomar og frukter kjem frå xantofyll. Dei finst òg alltid i grøne blad, men vert dekt av klorofyllet. Om plantene får for lite næring vert det danna lite klorofyll, og om hausten vert klorofyllet brote ned slik at det gule i dei kjem til syne.

Hos brunalgar skuldast den brune fargen eit xantofyll som vert kalla fucoxantin. Dette dekker over klorofyllet. Purpurbakteriar har òg xantofyll, spirilloxantin, som skaper purpurfargen.

Xantofylla er oksygenhaldige derivat av karotenar og høyrer til karotenoidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]