Yitzhak Shamir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yitzhak Shamir

Yitzhak Shamir (15. oktober 191530. juni 2012) var ein israelsk politikar frå høgrepartiet Likud; statsminister i Israel i periodane 1983-84 og 1986-92.

Han vart døypt Icchak Jaziernicki då han vart fødd i Różana i dåverande Polen, no Ruzjany i Kviterussland. I 1935 emigrerte han til Palestina. Før staten Israel vart oppretta i 1948, var Shamir operativ leiar for den jødiske terrorgruppa LEHI (Sternligaen), som mellom anna drap den SN-utsende fredsmeklar Folke Bernadotte.

Frå 1955 til -65 arbeidde han i etterretningsorganisjonen Mossad. Sidan engasjerte han seg i politikken for Likud. Han var medlem av Knesset frå 1973 og var åra 1977-80 parlamentpresident. Deretter var han i perioden 1980-83 utanriksminister i Menachem Begin si regjering. I oktober 1983 tok han over som leiar av Likud-regjeringa, ei regjering som gjekk av eit knapt år seinare. Hausten 1986 kom han tilbake som regjeringssjef, og vart sitjande som leiar av Israel i nærare seks år.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]