Yuan Jiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med tilsigsfelt og elveløp til Yuan Jiang (lysegult).

Yuan Jiang (沅江; pinyin: Yuánjiāng) eller Yuanshui (沅水; Yuánshuǐ) er ei av dei fire største elvane provinsen Hunan i Kina. Ho er ei sideelv til Chang Jiang. Elva er 864 km lang og har sine kjelder i Miaofjella i provinsen Guizhou, og er seglbar.

Sideelva Qingshui startar søraust i provinsen Guizhou, og renn austover inn i Hunan. Der ho møter ei anna sideelv, Wu, endrar ho namn til Yuan Jiang, omtrent ved provinsbyen Hongjiang.

Elva er mykje regulert og nye utbyggingar er under prosjektering. Største reguleringsprosjekta er Lingjintangdemninga og Wuqiangxidemninga. Qingshui-elva er regulert med den store Sanbanxidemninga.