Ząbkowice Śląskie
| Ząbkowice Śląskie | |||
|---|---|---|---|
| «Det skeive tårnet» i Ząbkowice Śląskie | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Voivodskap |
Nederschlesiske |
||
| Grunnlagd | 1200-talet | ||
| Borgarmeister | Krzysztof Kotowicz | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
13,67 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
14 986 1096/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 280 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 57-200 til 57-201 | ||
| Bilnummer | DZA | ||
| Nettstad: www.zabkowiceslaskie.pl | |||
Ząbkowice Śląskie (tysk Frankenstein) er ein by i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen. Han er sete i Ząbkowice Śląskie fylke og Gmina Ząbkowice Śląskie.
Byen ligg om lag 63 km sør for regionshovudstaden Wrocław. Byen har om lag 15 000 innbyggjarar.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagd som Frankenstein tidleg på 1200-talet, etter mongolinvasjonen, og fekk bystatus rundt 1280. Sidan 1336 høyrte han til Böhmen og frå 1742 til Preussen.
Tidleg på 1600-talet vart byen råka av pest og ein tredjedel av innbyggjarane mista livet. Det har vorte spekulert i om hendingar på denne tida kan ha inspirert til soga om Frankenstein.[1]
I 1858 vart han råka av ein bybrann og måtte byggast opp att. Ved dette høvet vart den øvre delen av Det skeive tårnet frå 1400-talet retta opp. Byen var fylkessete frå 1816 til 1945. Etter den andre verdskrigen gjekk byen til Polen (i lag med det meste av Schlesien) og fekk namnet Ząbkowice Śląskie i 1946 etter den tyske folkesetnaden hadde flykta eller vart kasta ut.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ząbkowice Śląskie» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: