Zagreb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zagreb
Zagreb ved elva Sava
Zagreb ved elva Sava
Kallenamn
«Beli Zagreb grad («Den kvite byen Zagreb»)»
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Zagreb
Borgarmeister og guvernør Milan Bandić
Geografi
Flatevidd
 - By

641,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

771 145
  1 216/km²
1,1 mill.
Koordinatar 45°48′″N 15°58′″EKoordinatar: 45°48′″N 15°58′″E
Høgd over havet 120 m
Diverse anna
Postnummer 10000
Telefon-retningsnummer 01
Bilnummer ZG
Heimeside: www.zagreb.hr
Plassering
Plassering i Kroatia
Plassering i Kroatia

Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. I 2001 hadde byen eit innbyggjartal på 779 145. Byen ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet.

Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriatarhavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriatarhavet.

Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.

Zagreb har ein internasjonal flyplass.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornij Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacicatorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.

Gornij Grad[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornij Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lortscak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.