Zavojsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zavoj
Zavojsko jezero
Zavoj  Zavojsko jezero - Zavoj
Zavoj
Stad distriktet Pirot
Koordinatar 43°16′N 22°38′EKoordinatar: 43°16′N 22°38′E
Type innsjø Reservoar
Tilsig Visočica
Utsig Visočica
Tilsigsområde 584 km²
Tilknytte land Flag of Serbia.svg Serbia
Største lengde 16,35 km
Overflateareal 5,53 km²
Vassvolum 170 millionar m³
Kystlengd1 40 km
Høgd over havet 612 moh
Øyar ingen
Busetnadar Novi Zavoj, Velika Lukanja, Pakleštica
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Zavojsjøen (serbisk Завојско језеро - Zavojsko jezero) er ein kunstig innsjø aust i Serbia langs elva Visočica. Han vart skapt i 1963 etter at eit stort jordras demde opp elva og den naturlege demninga seinare vart erstatta forsterka.

Zavoj ligg aust i Serbia og nord i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria. Innsjøen er ein del av elva Visočica og ligg mellom Balkanfjella i nord og Vidlič i sør. Han ligg 16 km nord for by en Pirot, og nær staden der Visočica munnar ut i Temštica.

Historie [endre]

25. februar 1963 [1] raste eit stort jordras ned i dalen til Visočica og blokkerte elva med ein jorddemning som var 500 meter lang og 50 meter høg. Eit reservoar vart skapt bak dammen og landsbyen Zavoj vart lagt under vatn. Hendinga vart utnytta og den naturlegedenminga vart forsterka. Reservoaret vart nytta for å produsere straum i vasskraftverket Zavoj. Landsbyen Novi Zavoj vart bygd opp att høgare oppe.[2]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zavojsjøen

Kjelder [endre]

  1. Dr Stevan M. Stanković (1991). Jezera sveta. Belgrade: Stručna knjiga. ISBN 86-419-0074-8. 
  2. Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije. Sarajevo: Svjetlost. ISBN 8601026516.