Zelenograd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zelenograd
Зеленоград
Flagget til Zelenograd Byvåpenet til Zelenograd
Flagget til Zelenograd Byvåpenet til Zelenograd


Plassering
Zelenograd is located in Russland
Zelenograd is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva
Grunnlagd
Bystatus
1958
1963
Geografi
Flatevidd
 - By

37,22 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

217 124
  5 833,5 /km²
Koordinatar 55°59′52.5″N 37°11′25.5″EKoordinatar: 55°59′52.5″N 37°11′25.5″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 124xxx
Bilnummer 77, 97, 99, 177, 197, 199
Nettstad: www.zelao.ru

Zelenograd (russisk Зеленогра́д, «Grøn by») er ein by i Russland, som òg dannar ein av dei administrative okrugane i Moskva. Han ligg 37 km frå sentrum av den russiske hovudstaden og har om lag 220 000 innbyggjarar.

Zelenograd vart grunnlagd i 1958 som eit svar til amerikanske Silicon Valley og han var offisielt ein lukka by fram til 1991. Han var eit av dei mest kraftfulle sentra for elektronikk-, mikroelektronikk- og dataindustri i Sovjetunionen og han spelar framleis ei tilsvarande rolle i dagens Russland.

I Zelenograd ligg det tekniske universitetet Moskvas institutt for elektronikk-teknologi (MIET). Elektronikkonsernet Sitronics vart grunnlagd i Zelenograd i 1997 og har i dag store verksemder i byen. Hovudkvarter til konsernet vart derimot flytta til Moskva i 2005.

Zelenograd vart bygd de novo i eit tidlegare aude skogsområde og arkitekturen og byplanen følgjer ein generell arkitektonisk plan (hovudarkitekt Igor Pokrovskij).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zelenograd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]