Zevsstatuen i Olympia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statuen av Zevs i Olympia

Zevsstatuen i Olympia er eit av dei sju underverka i antikken. Statuen vart laga av den klassiske skulptøren Fidias rundt år 435 f.Kr., og vart reist i Zevstempelet i Olympia].

Statuen var 12 meter høg, laga av elfenbein og dekt av gull, og viste Zevs sitjande på ei trone. Geografen Strabo merka seg at «om Zevs hadde reist seg opp hadde han stanga gjennom taket». I høgre handa til Zevs var der ein liten statue av Nike, sigersgudinna, og i venstre handa eit skinande septer med ei sitjande ørn. På hovudet hadde han ein olivenkrans. Han hadde sandalar og kappe av gull, og kleda hans var inngravert med dyr og liljer. Trona var dekorert med gull, edelsteinar, elfenbein og ibenholt[1].

Korleis statuen vart øydelagd er omstridd. Enkelte meiner at han forsvann med tempelet på 400-talet, medan andre meiner at han vart flytta til Konstantinopel, der han vart øydelagd i ein storbrann i Lauseion (Schobel 1965).

Kanskje den største oppdaginga i samband med statuen kom i 1958 då ein grov ut verkstaden til Fidias, der han lagde statuen. Dermed har arkeologar kunne gjenskape metodane han nytta for å lage Zevsstatuen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. (Pausanias , Skildring av Hellas 5.11.1-.10)