Olympia i Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olympia
by
Land  Hellas
Kart
Olympia i Hellas
37°38′18″N 21°37′48″E / 37.638333333333°N 21.63°E / 37.638333333333; 21.63
Wikimedia Commons: Ancient Olympia

Olympia (gresk Ολυμπία, Olympí'a eller Ολύμπια, Olýmpia) er ein liten by i Elis, vest på Peloponnes i Hellas, som er kjend for den arkeologiske staden av same namn som ligg like ved. Han var ein viktig fellesgresk religiøs heilagdom i Hellas i antikken der ein heldt dei olympiske leikane i klassisk tid. Staden var hovudsakleg vigd til Zevs og trekte til seg vitjande frå heile den greske verda. Som del av ei gruppe av slike fellesgreske senter bidrog Olympia til å byggja identiteten til grekarane til antikken som ein nasjon. Til trass for namnet ligg det ikkje i nærleiken av fjellet Olympos der dei tolv olympiske gudane, dei fremste gudane i gresk oldtidsreligion, skulle halda til.

Dei olympiske leikene blei haldne kvart fjerde år gjennom heile den klassiske antikken, frå 700-talet f.Kr. og fram til 300-talet e.Kr.[1] Den arkeologiske staden har over 70 viktige bygningar, og ruinane til mange av desse finst enno, men hovudtempelet til Zevs eksisterer berre som steinar på bakken. Staden er i dag ein viktig turistattraksjon som har to museum, eit som er vigd til dei antikke og dei moderne olympiske leikane.

Olympia i antikken[endre | endre wikiteksten]

Arkitektonisk modell av heilagdommen til Olympia.
Kartplan over staden 1. Nordvestlege Propylon, 2. Prytaneion, 3. Filippeion, 4. Tempelet til Hera, 5. Pelopion, 6. Nymfeum til Herodes Atticus, 7. Metroon, 8. Skattekammera, 9. Krypt (bogegang til stadium), 10. Stadium, 11. Ekko-stoa, 12. Bygning for Ptolemaios II Filadelfos og Arsinoe II, 13. Hestia stoa, 14. Hellenistisk bygning, 15. Zevstempelet, 16. Altar for Zeus, 17. Eks-voto til akhaiarane, 18. Eks-voto til Mikythos, 19. Athene Nike av Paionios, 20. Gymnasion, 21. Palaestra, 22. Theokoleon, 23. Heroon, 24. Feidias' verkstad og tidligkristen basilika, 25. Bada til Kladeos, 26. Greske bad, 27. og 28. hospits , 29. Leonidaion, 30. Sørlege bad 31. Bouleuterion, 32. Sørlege stoa, 33. Neros villa. Skattekammera. I. Sikyon, II. Siracusa, III. Epidamnos(?), IV. Bysants(?), V. Sybaris(?), VI. Kyrene(?), VII. Ikkje identifisert, VIII. Altar(?), IX. Selinunt, X. Metapontum, XI. Megara, XII. Gela.

Olympia ligg i den breie dalen til ganske vesle elva Alfeiós i den vestlege delen av den store halvøya Peloponnes, i dag rundt 18 km unna Det joniske havet, men i antikken låg kysten kanskje berre halvparten så langt unna.[2] Namnet Altis var avleidd frå ei forvansking av det eliske ordet som hadde tydinga «lund» sidan området var skogkledt med særleg oliven- og plantantre.[3] Altis, som heilagdommen opphavleg heitte, var eit uregelmessig firkanta område på meir enn 183 meter på kvar side og med ein mur rundt, bortsett frå i nord der det var avgrensa av Kronionfjellet.[4]

Ifølgje med den greske geografen Pausanias på 100-talet e.Kr. var det over 70 tempel til saman, dedikert til mange ulike guddomar.[3] I kontrast til Delfi, ein annan viktig fellesgresk helligdom, der det var ei tilsvarande stor samling av monument som stod tett i tett innanfor grensene av temenos, tempelområdet, strekte Olympia seg utover grensemuren, særskilt i områda som var vigd gudane.

Heilagdommen bestod av eit noko uordna opplegg av ulike bygningar der dei viktigaste var tempelet til Hera (Heraion), tempelet til Zevs, Pelopion (ein struktur som omfatta statuen til Pelops) og området for det store alteret for Zevs der dei fremste ofringane blei utførte. Det var framleis ein god del opne eller skogkledde område innanfor heilagdommen.

Nord for heilagdommen låg Prytaneion (bustader for prestar og styresmakter) og Filippeion (sirkelrundt minnesmerke for familien til Filip av Makedonia), i tillegg til ei rekkje skattekammer for ulike greske bystatar. Metroon (hus tileigna modergudinnene) låg sør for desse skattekammera med Ekko-stoa i aust. Sør for heilagdommen var Sørlege Stoa og Bouleuterion (administrasjonen) der vestsida husa Palaestra (ein del av Gymnasion), verkstaden for den store skulptøren Feidias, Gymnasion og Leonidaion (bustadene til atletane). Hippodromen og det seinare stadiumet låg mot aust.

Olympia var òg kjend for den gigantiske statuen av Zevs i kryselefantin (elfenbein og gull på ei ramme av taumar) som var kultbiletet i hans tempel, skulptert av Feidias. Statuen var rekna som eit av dei sju underverka av Antipatros frå Sidon. Svært nær Zevstempelet som huste statuen hans låg verkstaden til Feidias, som blei graven ut på 1950-talet. Dei antikke ruinane er nord for elva Alpheios og sør for Kronosfjellet (som har namn etter den greske guddomen Kronos). Kladeos, ein elvegud i gresk mytologi, er òg namnet på ei bielv til Alpheios som flyt rundt området.[5]

Krypt (bogegang til stadium)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ein går ut frå at staden har vore folkesett sidan minst 1500 f.Kr. Det utvikla seg ein Zevs-kult her rundt 1000 f.Kr. Det kan vera slik i staden at det berre var ein heilagdom frå 800- eller 700-talet, men dette er blitt verande eit ope spørsmål.[3] Det er indikasjonar på at leivningar av mat og brennoffer kan daterast attende til 900-talet f.Kr. og såleis visa til ei lang historie med religiøs aktivitet ved staden. Ein har derimot ikkje kunne påvisa bygningar frå denne eldste epoken med bruk av staden.[6]

Arkaisk tid[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av tempelet til Hera.

Dei eldste greske festivalane var dei ved Olympia, som var vigde Zevs, og Delfi, vigde Apollon, med den heilage øya Delos vigd Apollon på tredjeplass. Alle stadane var nøytralr og langt unna tunge dei politiske sentera, slik at medlemmane av den rike eliten kunne møtast som likeverdige. Seint på 400-talet f.Kr. rekna Hippas frå Elis ut datoen for dei første olympiske leikene og kom fram til 776, men arkeologiske undersøkingar har tyda på ein dato nærare 700. Hippas sin dato blei uansett byrjinga på det olympiske dateringssystemet, og faktisk òg ein måte å datera alle viktige hendingar.[7]

Det blei gjort viktige endringar ved staden rundt 700 f.Kr., inkludert utjamning av marka og graving av nye brønnar. Staden var framleis av mindre tyding og hadde berre lokal deltaking. Makta til Elis makt minska og heilagdommen kom i 676 f.Kr. under kontrollen til byen Pisa, som i antikk tid var hovudstaden for eit område kalla Pisatis som Olympia fall inn under. Pisatarane organiserte leikene fram til slutten av 600-talet f.Kr.

Gradvis i løpet av 600-talet voks festivalen og trekte til seg deltakarar først frå resten av Peloponnes, og deretter gradvis frå heile Hellas. Han heldt fram i ei form til på slutten av 300-talet e.Kr. då det kom deltakarar frå heile verda rundt Middelhavet. Ein byrja bygga kultbygningar og monument på slutten av 600-talet f.Kr. saman med det første stadionet. Til samanlikning var det orakelverksemd ved Delfi på 700-talet f.Kr., men festivalen kjend som pytia blei truleg skipa rundt 650 f.Kr. Sidan Delfi var heilag for Apollon fremja festivalen i byrjinga musikalsk tevling, men etter endringane til Amfiktyoni på 500-talet f.Kr. blei det òg atletiske tevlingar som i Olympia.[7]

Den eldste beviselege byggeaktivitetet ved Olympia er frå rundt 600 f.Kr. I løpet av 500-talet f.Kr. bygde skiloudarar, allierte av pisatarane, Heraion (tempelet til Hera), Skattkammera (ei rekkje små tempelforma bygningar), og Pelopion (kultbygning med den påståtte grava til Pelops). Sekulære bygningar og atletiske arenaer blei òg bygde under denne perioden, inkludert Buleuterion (for rådsforsamling). Det første stadiumet blei bygd rundt 560 f.Kr. og bestod av berre ein enkelt bane. Stadiumet blei ombygga rundt 500 f.Kr. med skråningar på sidene for publikum og plassert noko lengre mot aust. I løpet av 500-talet f.Kr. blei ei rekkje ulike sportsgreiner lagt til den olympiske festivalen. Ved 580 f.Kr. blei Pisa okkuperte av Elis, i allianse med Sparta, og tok tilbake kontrollen over heilagdommen.[6]

Klassisk tid[endre | endre wikiteksten]

Tetradrakme i sølv frå Olympia, 360 f.Kr. Avers: Hovudet til Zevs med laurbærkrans. Motsett: Hovudet til nymfa Olympia med hovudbandet sfendone. Ordet ΟΛΥΜΠΙΑ til høgre.

Den klassiske perioden, mellom 400- og 300-talet f.Kr., var ein gullalder for Olympia. Det blei reist ei brei rekkje av nye religiøse og sekulære bygningar.[6] Zevstempelet blei bygd på midten av 400-talet f.Kr. Storleiken, skalaen og utsmykkinga til dette temeplet overgjekk alt anna som tidlegare var bygd på staden. Fleire sportsarenaer, mellom dei den endelege utgåva av stadium, og ein hippodrom for kappkøyring med hestedregne stridsvogner blei også bygd. Prytaneion, bygningen der prestane og øvrigheitspersonene budde, blei bygd på den nordvestlege sida av staden i 470 f.Kr.[6] Det blei bygd eit bad her på midten av 400-talet f.Kr.

I sein klassisk tid blei det reist fleire strukturar til Olympia. Metroon, eit tempel vigd til ei modergudinne, blei bygd i nærleiken av skattekammera ein gong rundt 400 f.Kr. Reisinga av Ekko-stoa (grunna den akustiske funksjonen av bygget) fann stad rundt 350 f.Kr., skilt frå heilagdommen frå området med leikene og stadium. Sør-stoa blei bygd, som nemninga indikerer, i den sørlege enden av heilagdommen på omtrent same tid.

Olympia og Delfi grunnla dei første atletiske tevlingane, men det fanst òg andre. På byrjinga av 500-talet f.Kr. blei dei nemeiske leikane haldne ved Nemea. Også dei var vigde Zevs, og utvikla seg til same storleik som dei i Olympia. Dei isthmiske leikan i nærleiken av Korint var vigde Poseidon; og Panathenaia, dei panatenske leikane ved Aten var vigde Atene.[8] Faktisk hadde kvar einaste gresk by (polis) av ein viss storleik sitt eige gymnasion (bokstaveleg ein stad for å trena naken) med ein brytebane der mennene og gutane frå eliten kunne trena.[7][8] Dei fire store festivalane, bortsett frå Panathenaia som var for nært og tett forbunde med Aten til å vera nøytral, var koordinerte med kvarandre. I ein fireårsperiode blei det halde olympiske leikar i Olympia i august og september det første året, ved Delfi i august og september det tredje året, ved Nemea i juli det andre og fjerde året, og ved Korint i april det andre og fjerde året. Pytia blei rekna som det mest prestisjefylte etter Olympia, men med tida voks Isthmia til å bli leikane som hadde størst deltaking.[8]

Hellenistisk tid[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av Filippeion.
Palaestra.
Olympia stadium.

Mot slutten av 300-talet blei Filippeion, som bestod av statuar av familien til kong Filip II av Makedonia, bygd ut. Med her var Filip II sjølv, sonen hans Aleksander, kona hans Olympias, faren Amyntas III og mora Eurydike I. Rundt 300 f.Kr. blei den største bygningen på staden, Leonidaion, bygd for å husa viktige gjester. Etterkvart som leikane blei viktigare blei det reist fleire atletiske bygningar, som Palaestra for brytarar på 200-talet f.Kr., Gymnasion på 100-talet og badehus ein gong rundt 300 f.Kr. I 200 f.Kr. blei det reist ein kvelva bogegang knytt til inngangen ved stadiumet til heilagdommen.[6]

Atletane som tevla viste at dei heva seg over pengepremiar ved at dei mottok ein hovudkrans framfor ei meir verdsleg løn. Ved Olympia mottok sigersherrane ein krans av oliven, og ved Delfi mottok dei ein av laurbær. Ved Nemea brukte ein villselleri og ved Korint anten furu eller selleri (til ulike tider). Vinnaren blei derimot teken imot som helt i heimbyen sin der han kunne få dekka mat resten av livet av bystaten, eller få visse typar skattelette. Sigeren kunne òg medføra at ein fekk ei politisk stilling eller militær kommando. Sjølv dei som kom på andre eller tredje kunne motta olivenolje i kostbare krukker. I tillegg kunne visse særmerkte sigersherrar bli feira med statuar og prisa i dikt av Pindaros og Bakkhylides og såleis oppnå evig ry.[9]

Romersk tid[endre | endre wikiteksten]

I romersk tid blei leikane opna opp for deltaking for alle romerske borgarar. Det blei sett i verk eit program for nye bygningar og omfattande utbetringar av dei som allereie var, som Zevstempelet. I år 150 e.Kr. blei Nymfeum (eller Exedra) reist. I år 100 erstatta nye romerske bad dei tidlegare greske, og det blei bygd ein akvedukt i år 160.[6]

På 200-talet blei staden kraftig skadd av ei rekkje jordskjelv. Invaderande folk i år 267 førte til at sentrum av staden blei befesta med materiale henta frå monumenta. Trass i øydeleggingane fortsette ein å halda den olympiske samlinga her fram til den siste olympiaden i år 393. Etter dette blei hendinga forboden av den kristne keisaren Theodosius I. Zevstempelet skal ha blitt øydelagt rundt 426, under heidenforfølgingane i Seinromarriket, etter eit edikt Theodosius II. Verkstaden til Feidias blei gjort om til ein basilika, og staden byrja husa ein kristen felleskap.[6] Etter fleire flaumar blei busetnaden fullstendig fråflytta tidleg på 600-talet.

Moderne Olympia[endre | endre wikiteksten]

Torg og kyrkje i moderne Olympia.
Tenning av den olympiske elden.

Den olympiske flamma til dei moderne olympiske leikane blir tend ved refleksjon av sollys i ein parabolisk spegel framfor tempelet til Hera og deretter frakta med ein fakkel til den staden der leikane vert arrangert. Då dei moderne olympiske leikene kom til Athen i 2004, blei tevlingane i kulestøyt haldne ved den restaurerte stadiumen ved Olympia.[10] Det var første gong på 1619 år at det blei halde olympiske tevlingar i Olympia.[11]

Byen har ein togstasjon og er den austlegaste endestasjonen til toglinja Olympia-Pyrgos (Ilia). Togstasjonen ligg rundt 300 meter austom sentrum i byen. Byen er knytt til riksvegen GR-74. Det blei opna ein ny veg vart opna på 1980-talet, og neste strekninga nord og nordaust til Olympia opna i 2005. Avstanden frå Pyrgos er 20 km, og byen ligg rundt 50 km sørvest for Lampeia, vest for Tripoli og Arkadia, 4 km nord for Krestena og nord for Kyparissia og Messenia. Motorvegen passerer nord for dei antikke ruinane. Eit reguleringsmagasin ligg 2 km sørvest ved ei oppdemming av elva Alfeios. Området er generelt prega av berg og fjell og det meste av området innanfor Olympia er skog.

Panagiotis Kondylis, ein av dei mest framståande moderne greske tenkjarane og filosofane, blei fødd og voks opp i Olympia. Då Pierre de Coubertin, grunnleggjaren av den internasjonale olympiske komiteen, døydde i 1937, blei det reist eit moment for han ved antikke Olympia. I ei etterlikning av den greske patrioten og filantropen Evangelos Zappas, som ein gravla hovudet til under ein statue framfor Zappeion, blei hjartet til Coubertin gravlagd ved monumentet.[12]

Staden og byen Olympia blei alvorleg truga og nesten øydelagde i samband med dei omfattande greske skogbrannane i 2007.

Kommunen[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Antikke Olymbía (gresk Αρχαία Ολυμπία, Arkhéa Olymbía) blei oppretta i 2011 ved reforma for lokalstyre ved så slå saman fire tidlegare kommunar, som då blei kommunaleiningar:[13]

Kommunen dekkjer eit areal på 545,121 km², kommunaleininga er 178,944 km².[14]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Olympia har følgjande venskapsbyar:[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bickerman 1982, s. 75
  2. «Olympia Hypothesis: Tsunamis Buried the Cult Site On the Peloponnese», Science Daily 11. juli 2011.
  3. 3,0 3,1 3,2 Wilson, Nigel : «Introduction», Perseus
  4. Altis
  5. Woodard (2007), s. 326–327.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 «Olympics Through Time», Sunsite.icm.edu.pl.
  7. 7,0 7,1 7,2 Waterfield (2018), s. 53
  8. 8,0 8,1 8,2 Waterfield (2018), s. 54
  9. Waterfield (2018), s. 54-55
  10. «Ancient and modern Shot put revisits Olympia», The Guardian. 19. august 2004.
  11. «Kule på gamle tomter», NRK 17. august 2004
  12. Young (1996): The Modern Olympics
  13. Kallikratis-reforma Arkivert 2017-04-27 ved Wayback Machine. (PDF), det greske innanriksdepartementet (gresk)
  14. Resultat frå folke- og bustadteljinga 18. mars 2001 (PDF), Den nasjonale greske statistikktenesta (på gresk)
  15. 15,0 15,1 «Twinnings» Arkivert 2016-01-15 ved Wayback Machine. (PDF), Athens: Central Union of Municipalities & Communities of Greece.
Bibliografi