Zhoukou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elva Shaying, i nærleiken av bydistriktet Chuanhui
Plasseringa av Zhoukou-prefekturet i Henan

Zhoukou (kinesisk: 周口; pinyin: Zhōukǒu) er eit byprefektur aust i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i aust grensar til provinsen Anhui, har eit areal på 11 968 km² og hadde i underkant av ni millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Zhoukou omfattar eitt bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Zhoukou er eit av dei viktigaste landbruksområda i Henan. Næringslivet er i hovudsak basert på handel med landbruksvarer som korn, bomull, matoljar, kjøt og tobakk. Zhoukou er særleg kjent for skinnet av den lokalt avla huai-geita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]