Zog I av Albania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ahmet Zogu

Ahmet Zogu, fødd Ahmet Zogolli og seinare Kong Zog I av Albania (8. oktober 18959. april 1961) var ein albansk politikar og konge i Albania frå 1928 til 1939.

Han var statsminister i landet i 1922 til 1925, president i 1925 til 1928 og konge i 1928 til 1939. Han samarbeidde lenge med Mussolini i Italia, men måtte flykte frå landet då italienarane okkuperte Albania i 1939.

Zog døydde i Paris i 1961.

Sonen hans Leka er enno pretendent til den forsvunne trona, men ei folkeavstemming i 1997 avviste gjenopprettinga av monarkiet.

Spire Denne historieartikkelen som har med Albania å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.