Zuidlaardermeer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Zuidlaardermeer | |
|---|---|
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | Hunze |
| Tilknytte land | Nederland |
| Overflateareal | 5,4 km² |
| Middeldjupne | 1 m |
| Største djupne | 5 m |
Zuidlaardermeer er ein innsjø i nordlege delar av Nederland.
Innsjøen går nord for landsbyen Zuidlaren og og sør for Hoogezand-Sappemeer. Innsjøen ligg hovudsakleg i provinsen Groningen, medan ein fjerdedel ligg i Drenthe. Innsjøen får vatn frå elva Hunze, som renn ut i innsjøen i søraust og som renn vidare frå nordenden av innsjøen.
Innsjøen er grunn, om lag 1 meter i snitt, men enkelte delar er opp til 5 meter djup. Innsjøen er ein populær stad for segling.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Zuidlaardermeer» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2008.