Drenthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provincie Drenthe
Provinsen Drenthe
Våpenet til Provincie Drenthe
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Drenthe
Hovudstad Assen
Dronninga sin kommissær Jetta Klijnsma (PvdA)
Religion (1999) protestantisk 35 %
katolsk 8 %
Areal
 • Land
 • Vatn
 
2 642 km² (7.)
38 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

484 481 (10.)
183/km² (12.)
Hymne «Mijn Drenthe»
Offisiell nettstad www.drenthe.nl

Drenthe er ein provins i Nederland og ligg nordaust i landet. Administrasjonssenteret er Assen. Provinsen grensar til Overijssel i sør, Friesland i vest, Groningen i nord og Tyskland (Niedersachsen) i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Drenthe har i motsetnad til andre delar av Nederland alltid vore eit tynt folkesett, landleg område. Området har vore busett sidan førhistorien, og ein har funne fleire steindysser frå rundt 3500 f.Kr. 53 av 54 steindysser i Nederland ligg i Drenthe, og dei fleste av dei igjen ligg nordaust i provinsen. Drenthe vart først nemnd i dokument i 820 då han vart kalla Pago Treanth. I arkiv frå Het Drents Archief frå 1024 til 1025 vert «grevskapet Drenthe» nemnd.

Drenthe var lenge underlagt biskopane av Utrecht, men kom på 1500-talet inn under Karl V sin kontroll. Då Dei sameinte Nederlanda vart erklært vart Drenthe ein del av nasjonen, men fekk ikkje provinsstatus igjen før 1796.

Kort tid etter den andre verdskrigen braut ut bygde den nederlandske regjeringa ein leir nær byen Westerbork for å ta seg av tyske (jødiske) flyktningar. Ironisk nok nytta etter kvart dei tyske okkupantane samle leir som «Durchgangslager». Mange nederlandske jødar, sigøynarar, motstandsfolk og politiske motstandarar vart sett bak murane her før dei vart overført til andre leirar i Tyskland og Polen. Anne Frank vart deportert på det siste toget frå Westerbork.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Etter omorganiseringa i 1990-åra har talet på kommunar i Drenthe vorte redusert til tolv. Dei fleste kommunane består i dag av fleire byar og landsbyar.

  1. Aa en Hunze
  2. Assen
  3. Borger-Odoorn
  4. Coevorden
  5. De Wolden
  6. Emmen
  7. Hoogeveen
  8. Meppel
  9. Midden-Drenthe
  10. Noordenveld
  11. Tynaarlo
  12. Westerveld

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå hovudstaden Assen, er Emmen, Meppel og Hoogeveen større byar i provinsen. Drenthe består stort sett av lyngheier og har ingen større elvar eller innsjøar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er ei viktig næring, men ein finn òg industriområde nær byane. Den rolege landsbygda trekk stadig til seg fleire turistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Drenthe