«Tirpitz» i Åsenfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Fløan (1900–1977) avfotografert ved ei mine britane sleppte under eit angrep mot «Tirpitz». Mina landa i Fløberga, altså langt unna målet. Mina skal ha hatt ein masse på 250 kilo, og blei destruert av forsvaret på 1950-talet

I ein periode låg det tyske slagskipet «Tirpitz» i Åsenfjorden. Opphaldet i Åsenfjorden varte frå 16. januar 1942 til 29. oktober 1943. «Tirpitz» låg strengt talt ikkje i sjølve Åsenfjorden, men for det meste i fjordarma Fættenfjord. «Tirpitz» skal òg fleire gonger ha vore på om-måling og reparasjonar i Lofjorden, ei anna fjordarm av Åsenfjorden. Den vanskelege plasseringa inne i den tronge fjorden skapte problem, ikkje berre for allierte flygarar, men òg for lokalbefolkninga og den lokale motstandsrørsla i Åsen og Skatval.[1][2]

Den britiske etterretningstenesta, Secret Intelligence Service (SIS), sørgde for at tyskarane si hemmelege stasjonering av «Tirpitz» inne i Fættenfjorden vart kjent. 23. januar 1942 fekk SIS ei melding frå Tyskebrygga i Bergen. Meldinga var frå spionen «Theta»:[3]

«Admiral von Tirpitz, seks destroyerar og fleire ubåtar låg i ein arm av Åsenfjorden den 20. januar. Fleire destroyerar har fóre. Det er hundre fly stasjonert på Værnes. 100 tonn bensin kjem kvar dag til Trondheim via Storlien saman med andre forsyningar [...]»

Det er i dag eit minnesmerke over dei falne frå Royal Airforce inst i Fættenfjorden.

Militære installasjonar[endre | endre wikiteksten]

Tyskarane starta raskt å bygge militære installasjonar i og rundt Fættenfjorden, blant dei Steinvik lager (eit ammunisjonslager), utkikkspostar, ubåt-nett (for å hindre ubåtar i å komme inn i fjorden), flynett (for å hindre lågtflygande bombefly i å komme seg gjennom dalane langs ved Vuddudalen og Langstein, og inn til Fætten). Stengene kor desse netta hang ned frå, på begge sidene av dalen, finnast intakt fleire stader. Tyskarane bygde òg fleire betonginstallasjonar, på staden der skipet skulle ligga. Fleire skyteskår vart bygd langs Åsenfjorden, særleg i Skatval, og tyskarane bygde eit kanonfeste (med tilhøyrande ammunisjonslager) ved Fløan. Kort sagt verka det for dei allierte styrkane som nært sagt umogleg å angripe «Tirpitz», med tanke på alt vernet skipet fekk frå desse installasjonane, for ikkje å gløyme det vernet som sjølve skipet sitt artilleri og panser gav.

Flyraida[endre | endre wikiteksten]

Så snart britane fekk høyre om at «Tirpitz» låg i Fættenfjorden, starta flyangrepa. Det var risikable oppdrag utførte av unggutar verva ifrå Nord-England og Skottland. Flya hadde ikkje plass til meir bensin enn at dei kunne lette frå basen på Shetland, bombe «Tirpitz», og så dra tilbake til basen.

Dei fyrste luftangrepa blei utførte av ni «Halifaxar», og fem «Short Stirlings». Desse tok av frå basen i Lossiemouth i Skottland, og rundt midnatt 30. januar 1942 prøvde dei å bombe «Tirpitz» – utan hell. Dei kom ut for tåke, og det var då særs vanskeleg å gjennomføre ei presisjonsbombing. Flya drog tilbake til basen, utan å ha vore nær stoltheita til den tyske Kriegsmarine. Ein av Halifaxane gjekk tom for bensin på tilbaketuren, og måtte naudlande i havet utanfor Aberdeen. Alle om bord overlevde.[4]

Det andre angrepet blei gjennomført seint på kvelden den 30. mars, men desse kom òg ut for tåke, og då måtte 34 Halifaxar så seie sleppe bombene sine i blinde. Det gjekk som det måtte gå, og «Tirpitz» var utan ein skramme. Tilbaketuren blei eit mareritt, særleg på grunn av at fleire av flya var trefte av tysk luftverneld, samstundes som det iskalde vêret ising forårsaka ising. Seks Halifaxar og 42 mann blei drepne av forskjellige grunnar; nokre blei skotne ned av luftvernet, og nokre måtte naudlande i ope hav. Dei som kom seg inn over land hadde sjølv berre nokre få liter bensin att. For desse kunne det ha stått om minuttar.[5]

27. april kom eit nytt forsøk, og 43 bombefly letta frå Kinloss og Lossiemouth (mange av dei ombygde for å kunne ta med anti-ubåtminer). Det skal ha vore til saman 58,2 tonn bomber og miner med.[6] Det blei fullstendig panikk i Skatval då flya sleppte bombene frå 8000 fots høgde. Forfattaren og historikaren Egil Christophersen skildrar kaoset som følgde i bygda slik:

Det blei eit inferno av lys, bråk og brann frå eksploderande bomber, lyskastarar og sporlys. Folk som budde i nærleiken sprang ned i kjellarane, og det var det einaste rette, for sjølv om ikkje huset fekk ein fulltreffar, var det mange glasruter som sprang og fylte stuer og soverom med glasbitar. Husdyr som var i nærleiken blei vettskremde, og mange av dei kom seg aldri att.

Fem fly blei skotne ned under angrepet. Éit fly naudlanda på mirakuløst vis på innsjøen Hoklingen, og alle om bord overlevde. Andre fly naudlanda, men tok av igjen, og kom seg med naud og neppe tilbake til Skottland med fly som var gjennomhola som sveitserostar.

28. april gjorde britane ei fotorekognosering, og denne viste at «Tirpitz» framleis var fullstendig uskadd. Same natta skulle ein bombe skipet på ny, denne gongen med 34 fly. Resultatet blei slik det pleidde: To Halifaxar blei skotne ned, og «Tirpitz» var ikkje nemneverdig skada av angrepet. Fire fly styrta; sørvest for Flornes stasjon, Kaldådammen, Borråsdammen og Borråsgårdene, alle i Hegra.

Etter luftangrepa tok både tyskarane og NS til å sjå seg grundig lei av all motstanden i befolkninga i fylket, men fylkesmann Eggen prøvde å unngå skyting slik som i Nordland og Sør-Trøndelag, og dei som seinare blei arresterte slapp med relativt korte straffer. Nokre av dei arresterte var mistenkte for å ha spionert på «Tirpitz», og dette var ikkje heilt grunnlaust; for utanom «Theta» var det fleire spionar i området som tok bilete av «Tirpitz».

Siste angrepsforsøk[endre | endre wikiteksten]

Dei allierte flygarane hadde gjeve opp håpet om å nokonsinne kunne senke «Tirpitz» frå lufta, og operasjonsleiarane bestemte seg for å prøve å senke skipet med miniubåtar (med to-manns besetning). Desse miniubåtane var testa i England, og dei var drivne av elektrisk straum. Besetninga var ikledd dykkardrakter slik at ho kunne halde seg i fleire timar under vatn.[7] Miniubåtane var utstyrte med tidsinnstilte sprengladingar som kunne bli festa til sida av skipet ved hjelp av magnetar.

Legenda «Shetlands-Larsen» skulle saman med den berømte «Shetlandsgjengen» smugle inn to slike ubåtar med lastebåten «Arthur», og gjekk ut frå Shetland den 29. oktober. På veg inn mot Trondheim så sleit miniubåtane seg, slik at heile operasjonen berre måtte innstillast. Like etter forlet «Tirpitz» Fættenfjorden, og fortsette nordover. «Tirpitz» blei senka 12. november 1944 ved Håkøya utanfor Tromsø i Troms fylke.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 301/319)
  2. NTNU: «D/S Hvalbåten» Arkivert 2015-06-02 ved Wayback Machine. (byrjinga av avsnittet kalla D/S Hvalbåten)
  3. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 301)
  4. Hafsten, Bjørn (red.): Flyalarm (s. 136)
  5. Hafsten, Bjørn (red.): Flyalarm (s. 137)
  6. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 304)
  7. Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45 (s. 318)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Christophersen, Egil: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45, bind II (1995)
  • Historielagene i Stjørdalsbygdene: Årbok nr. XVI (2007)