Årbybåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årbybåten

Årbybåten er restane av ein fire meter lang robåt, som vart funnen i 1938. Han var del av ei båtgrav frå vikingtida. Grava låg på land i Årby nær Uppsala i Sverige. Funnet er datert til 859-950. I båten låg restane av ei kvinne, som var gravlagt saman med ein hest og ein hund.

Samanliknar ein byggemåten med småbåtane i Gokstadfunnet, frå omlag same tid, er den viktigaste skilnaden at Årbybåten har ein breid og grunn kjøl. Han manglar betar eller tverbjelkar.[1]

Kopi av Årbybåten.
Kopi av Årbybåten.

I 2002 var båten, hesten og hunden stilt ut på Historiska Museet i Stockholm. Der er laga fleire rekonstruksjonar av båten, mellom dei «Ottar» frå 1998.[2] [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Emil Christense (2022). Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider. Oslo: PAX FORLAG A/S. s. 109-110. ISBN 978-0714105444. 
  2. Styrelsen informerar. vendelsjon.se. Henta 3. mai 2019
  3. RAÄ-nummer INL:017. Riksantikvarieämbetet. Henta 3.mai 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]