Robåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandebarmar mellom to oselvarar. Legg merke til årefesta, der oselvar har tradisjon for keiper. Oselvaren har også hol for mast i rotofta, og er rekna som ein sjøsterk seglar.
Nordlandsbåt liknar mykje på vikingskip
Tiåra vikingskipskopiar kappror i Bergen.

Robåt er ein farkost som er bygd for å drivast framover ved hjelp av årer, men kan også nytta segl eller motor i tillegg. Robåtar kan lagast av tre, plast eller metall.

Det finst mange ulike former for robåtar, dei fleste med spiss baug. Ein del små robåtar blir kalla jolle, og er flate bak, altså har akterspegel (tverr hekk). Andre har ein liten spegel framme og større spegel bak, rund botn utan eigentleg kjøl, og blir kalla pram.

Robåtar skil seg gjerne frå andre farkostar med årer (som kanoar og kajakkar) ved at dei har tollepinnar, åregaflar eller keipar på eller innanfor båtripa, eller hol for årene i bordgangen.

Roing[endre | endre wikiteksten]

Roing er det å ro ein båt for å koma seg fram eller som del av ei tevling. Til konkurranseroing brukte ein tidlegare vanlege bruksbåtar eller livbåtar. Sidan er det utvikla eigne eintypebåtar som blir brukt i meisterskap- og OL-samanheng.

Ulike typer og bruk[endre | endre wikiteksten]

Robåtar finst i nær sagt alle storleikar frå heilt små (t.d. æringar og små prammar) med ein einsleg roar til galeiar med opptil fem hundre roarar fordelt over tre dekk. Talet på årer går frå eit par til godt over hundre.

I Noreg var robåten i tidlegare tider først og fremst ein nyttefarkost, laga for fiske og for transport av folk, fe og last ikystområder og på innlandssjøar. Dei ulike båtane hadde gjerne stadeigne nemningar. Små robåtar har namn som æring, færing, snadd, kogg og sjekte. Ein færing har to årepar – altså ein fireåret båt – og 2 eller 2 1/2 ro-rom. Lengda er då 5–5,5 meter, i sjeldnare høve opptil 6 m. Ein slik båt kan godt roast av éin person åleine, og blir ofte brukt slik, men er først og fremst bygd for to roarar, og er då ein rask og lettrodd båt. Ein ekstra lett og elegant færing blir kalla «kjeks» i Nordland. Ein annan robåt som er kjend for å vera særskild lettrodd og rask, er oselvaren.

Ein robåt med 3 rorom og 3 årepar, seks årer, kan kallast ein seksæring, seksring, triro(r)ing eller trirøding alt etter kvar på kysten ein er. Slike båtar blei helst brukt i heimenære strøk, men det er også mange døme på at dei blei brukt til havfiske og anna storfiske, og til by- og andre ferder. På Mørekysten blei ein seksåra båt også kalla «kjempefæring».

Båtar med fire årepar og 4 rorom blei brukt til havfiske, kyrkjeferder og vareførsel, og kan kallast åttringar eller firingar. Robåtar med ti årer kan kallast tiæring, tirøring, femkeiping eller storbåt. I Nord-Noreg hadde ein del såkalla «fembøringar» berre fem par årer, sjølv om dei hadde tofter til fleire par. Det finst elles mange stader både 3 1/2-roms og 4 1/2-roms båtar.

Frå Vestlandet er det kjend kyrkjebåtar med opptil 16 og 18 årer.

Dei største robåtane kjende frå norske farvatn er vikingskip som Gokstadskipet og Osebergskipet. Gokstadskipet hadde 32 årer og blei rodd av 64 mann, altså to mann på kvar åre. Osebergskipet hadde 30 årer, også det med 2 mann på kvar.

Mange robåtar kan riggast med segl når vindretninga er gunstig, og for langfart. I si enklaste form skjedde rigginga ved at den eine åren blei brukt som mast medan den andre blei brukt som styreåre. Elles er nesten alle segltypar blitt brukt på robåtar, med sprisegl, råsegl, gaffelsegl og luggersegl som dei vanlegaste.

Liste over tradisjonelle norske robåttypar[endre | endre wikiteksten]

Sør-austlandsbåtar

Hvalerbåt; Kragerøbåt; Grimstadsjekte; Vest-Agder-sjekte; Snadd; Lillebåt; Mellombåt; Storebåt.

Sør-Vestlandsbåtar

Oselver; Hardangerbåt; Strandebarmer; Rogalandsbåt; Torfinnsbubåt; Jærbåt.

Midt-Vestlandsbåtar

Lindåsbåt; Osterfjordsbåt; Masfjordsbåt; Sunnfjordsbåt – søranesing; Sunnfjordsbåt – nordanesing; Nordfjordbåt. Haldorbåt

Nordvestlandsbåtar

sunnmørsbåt (snidbotning, snedbetning); møringsbåt; nordmørsbåt eller geitbåt – søfjording; nordmørsbåt eller geitbåt – aurgjeldsgeit; romsdalsbåt, romsdalsgeit; lysterbåt.

Nordlandsbåtar

Bindalsbåtar; Ranabåtar; Saltenbåtar; Tromsbåtar; krumstevningar

Samelandsbåtar

Båtstorleikar[endre | endre wikiteksten]

- Etter åretal
Æring
Færing;
Halvromsfæring;
Seksæring;
Åttring;
Tiæring;
Tolværing
- etter keipepartal
Firkeiping;
Femkeiping;
Sekskeiping
- etter romtal

Eittromsbåt;

Halvannanromsbåt;
Toromsbåt;
To-og-eit-halvtromsbåt;
Treromsbåt;
Tre-og-eit-halvt-romsbåt;
Fireromsbåt;
Fire-og-eit-halvtomsbåt;
Femromsbåt;
Seksrombåt;
Sjuromsbåt
Andre nemningar
To-kne-færing,
Hundromsfæring,
Kjempefæring,
Seksring,
Treroing, triroing,
Kobbromsbåt,
Åttring,
Femring,
Tendring,
Fembøring
Pram,
Eike/eke

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]