Ørkensteinskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørkensteinskvett

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl i hekkedrakt i Mongolia Foto: Alastair Rae
Hannfugl i hekkedrakt i Mongolia
Foto: Alastair Rae
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Oenanthe
Art: O. deserti
Namn på andre språk
  • Engelsk: Desert wheatear
  • Vitskapleg namn
    Oenanthe deserti

    Ørkensteinskvett (Oenanthe deserti) er ein fugl i flugesnapparfamilien med utbreiing i Afrika og Asia. Ein vestleg populasjon hekkar nord for Sahara og på den nordlege Arabiske halvøya. Ein austleg populasjon lever i halvørken i Sentral-Asia og trekker sørover til Pakistan og Nordaust-Afrika vinterstid.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Hofugl av ørkensteinskvett
    Foto: Andreas Trepte

    Dette er ein insektetar, 14 til 15 centimeter i kroppslengd og vekt på 15 til 34 gram.[1] Ein ganske kompakt steinskvett med stort hovud og kort hals og hale.

    Fjørdrakta varierer mykje med kjønn, alder og årstid, men stjerten er i alle fjørdrakter nesten heilsvart i sterk kontrast til den kvite overgumpen. Undersida i alle draktene er lys gulbrun, gradvis mot kvitt bak og ned mot beina.

    Vaksne hannar i sommardrakt er kontrastrike med svart strupe og kinn, kvit augebrynstripe, kvite skuldrer; hovud, hals og rygg og bryst er varmt sandfarga. Det svarte område på dekkfjørene av vengene er forlenga til det svarte kinnet. Hoer er langt bleikare enn hannar i hekkedrakta, manglar svarte område bortsett frå halen og flekker på vengene. Utanom hekkesesongen er hoa enda bleikare.

    Vaksne av begge kjønn i første vinterdrakter er langt meir kontrastlause i lyse, gråbrune farger, bortsett frå halen og dei mørke nedre vengdekkarane. Unge hoer har òg ei lett augebrynstripe.[2]

    Ein finn denne arten i tørre habitat av stepper, ved grusvegar, i utkanten av ørken eller ved tørre, tynnt buskkledde elvebankar. På det indiske subkontinentet kan dei leve i opptil 5100 moh. Føda er virvellause dyr med mange variantar av edderkoppar og insekt inkludert maur på menyen. Dei kan òg ete litt frø.[1]

    Ørkensteinskvetten hekkar om våren med kull på 3-6, vanlegvis fire bleikblå, litt flekte egg i eit godt skjult reir laga av gras, mose og stenglar.

    Utbreiing og systematikk

    Ørkensteinskvetten inngår i slekta Oenanthe, som saman med raudstjertar, buskskvettar og svartstrupar dannar ei gruppe som nokre gongar blir kategorisert som underfamilie Saxicolinae. Tidlegare vart denne gruppa plassert i trastefamilien (Turdidae), men i dag er dei ofte plassert i flugesnapparfamilien (Muscicapidae). Underartar og utbreiing:[1]

    • O. d. deserti hekkar over eit stort asiatisk område som strekkjer seg frå Midt-Austen og Saudi-Arabia gjennom Iran, sørvestlege Pakistan, Afghanistan, den sørlege Kaukasus, Sentral-Asia til nordvestlige Mongolia. Dette er delvis trekkfuglar til Nordaust-Afrika, Den arabiske halvøya, Irak og Pakistan.
    • O. d. homochroa hekkar i Nord-Afrika, frå Marokko og Rio de Oro til Egyptens område vest for Nilen. Dette taksonet er delvis standfuglar, men fuglar i sørlege og austlege Marokko trekker sørover til nordlege Sahel.
    • O. d. oreophila hekkar i Himalaya, i Tibet og i vestre Kina. Utanom hekkesesongen lever dei i Arabia, sørvestre Asia nordvestre til sentrale India.

    Ørkensteinskvett er ein vanleg streiffugl i Nordvest-Europa. I perioden frå år 2000 til 2014 finst det rapportert 18 godkjente observasjonar av ørkensteinskvett i Noreg, dei fleste i Agder og Rogaland.[3]

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Collar, N. (2017) Desert Wheatear (Oenanthe deserti) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. november 2017
    2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820z
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 25. november 2017. 
    4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Oenanthe deserti. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. november 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørkensteinskvett