Østenstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østenstad kyrkje
kyrkje
Østenstad kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Asker
Sokn Østenstad
Fellesråd Asker
Arkitekt Harald Hille
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 23. mars 1980
Stopul I betong
Klokker Olsen Nauen
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Teikna av arkitekten
Døypefont Teikna av arkitekten
Altartavle Terje Grøstad
Orgel Paul Ott
Sitjeplassar 530
Kart
Østenstad kyrkje
59°48′46″N 10°27′51″E / 59.81264806°N 10.46409111°E / 59.81264806; 10.46409111
Wikimedia Commons: Østenstad kirke

Østenstad kyrkje er ei av kyrkjene i Asker prosti under Oslo bispedøme, og ligg på Østenstad i Asker kommune i Akershus fylke. Attmed kyrkja ligg den eine av dei to gravlundane i Asker kommune, opparbeidd i 2008; den andre ligg kring Asker kyrkje.

Kyrkja er ei sokalla «arbeidskyrkje» i teglstein, vigsla 23. mars 1980 av biskop Andreas Aarflot, teikna av arkitekt Harald Hille. To kyrkjeklokker vart støypte i 1980 av Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg, i tillegg til ei lita klokke nytta til friluftsgudstenester på staden, støypt av gjørtler Ole Andstad frå Sakshaug i Nord-Trøndelag.

Østenstad vart eigen kyrkjelyd i 1972, med aulaen på Blakstad sjukehus som førebels kyrkjeleg lokale. Asker kommune kjøpte i 1979 tomt til kyrkja på eit areal av «Tåjet» (som tyder «inngjerda område for dyr») på Lille Østenstad gård (som har namnet etter det gamle mannsnamnet «Eystein»), og grunnsteinen for kyrkja vart lagt ned 24. mai 1979. Garden har i gamal tid vore kyrkjegods under Asker kyrkje, og fyrst på 1840-talet fekk bygslaren skøyte på garden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]