Øyonn Groven Myhren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyonn Groven Myhren (fødd 8. august 1969) er ein norsk musikar. Groven Myhren vert rekna mellom dei fremste folkemusikarane i Noreg, og har fleire fyrstepremier frå Landskappleiken. I 1997 vart ho tildelt Sagaprisen for sin kveding. Ho trakterer òg lyre og seljefløyte. I tillegg til den norske folkemusikken, har ho arbeidd mykje med mellomaldermusikk, mellom anna gjennom musikkgruppa Aurora Borealis. I 2003 gav ho ut CD-en «Nivelkinn» i samarbeid med Odd Nordstoga, og med tekstar av Aslaug Vaa. Dei mottok Spelemannprisen for denne. Groven Myhren har òg arbeidd som skodespelar ved Det Norske Teatret, Riksteatret og Hordaland Teater.

Øyonn Groven Myhren er dotter av kvedaren og litteraturforskaren Dagne Groven Myhren og spelemannen og språkvitaren Magne Myhren. Ho er barnebarn av Eivind Groven.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Dvergmål - Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa GRCD 2141) 1996
  • Aurora Borealis - Harpa (Grappa GRCD4132) 1997
  • Øyonn Groven Myhren, Eilert Hægland og Alf Tveit - I jolo (Heilo HCD7146) 1998
  • Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga - Nivelkinn (Heilo STS 063) 2002
  • Øyonn Groven Myhren - Akkedoria frå Kristiania (Etnisk musikklubb) 2003
  • Dvergmål - Song i himmelsalar 2004
    Spire Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.