Øystein Djupedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øystein Djupedal
none  Øystein DjupedalFoto: Johannes Jansson/norden.org
Øystein Djupedal
Foto: Johannes Jansson/norden.org
Fødd 5. mai 1960

Oslo

Parti Sosialistisk Venstreparti
1. verv Fylkesmann i Aust-Agder
 - periode 1. oktober 2009–31. desember 2015
 - føregjengar Svein Åril
 - etterfylgjar Stein A. Ytterdahl
2. verv Norsk kunnskapsminister
 - periode 17. oktober 2005–18. oktober 2007
 - regjering Stoltenberg II
 - føregjengar Kristin Clemet
 - etterfylgjar Bård Vegar Solhjell,
Tora Aasland
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1. oktober 1993–30. september 2009
 - valkrins Sør-Trøndelag

Øystein Kåre Djupedal (fødd 5. mai 1960) i Oslo er ein norsk politikar for SV. Djupedal var nestleiar i Sosialistisk Venstreparti frå 1997 til 2005, stortingsrepresentant frå 1993-2009 og kunnskapsminister frå 2005-2007.

Utdanning og yrke[endre | endre wikiteksten]

Djupedal tok artium ved Trondheim Katedralskole i 1979 og utdanna seg til typograf ved Brundalen videregående skole i 1981–1983. Han var lærling ved Wennbergs trykkeri AS og tok svennebrev i litografi i 1985.

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Han har vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag sidan 1993, og sat i fire periodar på Stortinget, til han gav seg som stortingspolitikar då den fjerde stortingsperioden gjekk ut i 2009.[1]

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 var han kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Han og miljøvernminister Helen Bjørnøy trekte seg frå regjeringa i oktober 2007, etter intern og ekstern kritikk mot innsatsen og gjennomslagskrafta deira.

Djupedal innleidde «barnehageløftet» i den andre Stoltenberg-regjeringa, stoppa veksten i privatskular i Noreg gjennom ei tilstramming i privatskulelova. I skulepolitikken stod han derimot for ei vidareføring av det Kunnskapsløftet som føregjengaren Kristin Clemet gjennomførde, med meir fokus på resultatmåling, nasjonale prøver og individuelt tilpassa opplæring og evaluering.

Fylkesmann i Aust-Agder[endre | endre wikiteksten]

Djupedal vart i Statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder for ein periode på seks år.[2] Dette var ei utnemning som vart møtt med kritikk.[3] Øystein Djupedal melde seg fyrst som søkjar ein månad etter at søknadsfristen var gått ut, etter å ha vorte beden om å søkje på stillinga av fornyingminister Heidi Grande Røys.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Djupedal er gift og har tre ungar. Han er son av Reidar Djupedal.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gir seg på Stortinget. Aftenposten.no (1. mars 2008).
  2. Offisielt frå statsrådet 19. desember 2008. Statsministerens kontor.
  3. Tøff start for Djupedal. NRK Trøndelag (19. desember 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]