Helen Bjørnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helen Bjørnøy

Fødd18. februar 1954 (70 år)
Ålesund kommune, Kongsberg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, prest
Utdanna vedMenighetsfakultetet
EktefelleTorstein Lalim
Alle verv
  • Norsk miljøvernminister (2005–2007)
  • fylkesmann i Buskerud (2013–2018) Sjå dette på Wikidata

Helen Oddveig Bjørnøy (fødd 18. februar 1954 på Kongsberg) er ein norsk prest, SV-politikar og fylkesmann i Buskerud frå 2013.

Bjørnøy har Examen artium frå Ålesund gymnas (1973), cand.theol. frå Menighetsfakultetet (1980) og vart ordinert som prest i Den norske kyrkja i 1981. Ho var kapellan ved Tromsø domkirke (1985–1987) og prest ved Tangen kyrkje i Drammen) (1987–1991). Ho var høgskulelektor ved Lovisenberg diakonale høgskule (1991–1999) og generalsekretær for Kirkens Bymisjon i Oslo (1999–2005). Ho var i 2004 kandidat til stillinga som biskop i Oslo bispedøme. Ho var nestleiar for Nei til EU i 1994, og har vore medlem av Pressens faglige utvalg. Frå 1. juni 2008 var ho generalsekretær for Plan Norge.

Ho er gift med presten Torstein Lalim, har fire ungar og er busett i Drammen.

Miljøvernminister[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart Bjørnøy utnemnd til miljøvernminister for SV i Regjeringa Stoltenberg II, ei stilling ho hadde fram til oktober 2007, då ho vart etterfølgd av Erik Solheim. Som miljøvernminister fekk ho kritikk frå mange.[treng kjelde]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Konfirmasjonstiden, Aschehoug (1994), to medforfattarar
  • Lederveiledning til konfirmasjonsboken "Ærlig talt", Aschehoug (1994)
  • Sosialfag, service og etikk, Universitetsforlaget (1995). Lærebok til bruk i videregående skole
  • «Yrkesetikk og seksuelle overgrep», i Yrkesetikk for prester (red.: Egil Morland), i serien Presteforeningens studiebibliotek, nr. 42
  • «Til en aktet redaktørstand», i boka Status redaktør. Norsk redaktørforening (1996)
  • «Den norske kirkes menneskerettighetsengasjement», i utgreiinga Religion, livssyn og menneskerettigheter, Universitetsforlaget (1997)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]