Øyvind Staveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Staveland
Øyvind Staveland 2009.JPG
Fødd20. mai 1960
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, vokal
Verka somsongar, musikar, komponist
BornOdin Aarvik Staveland

Øyvind Staveland (fødd 20. mai 1960) er ein norsk musikar og komponist. Han er mest kjend som medstiftar og medlem av Haugesunds-gruppa Vamp. Han var òg medlem av Vestlandsfanden i byrjinga av karrieren deira.

Sjølv om også andre fleire av dei andre medlemmene i gruppa bidreg som låtskrivarar, må Staveland kunne seiast å vere Vamp sin hovudkomponist. Han står blant anna for melodien til kjente Vamp-låtar som «Tir'na Noir», «Harry», «Sitte' å' tenke'», «Ba», «Månemannen» og «Kim du nå va'», ein sang han også har skreve teksten til, og som han sjølve har kalla ein slags salme. Staveland har mellom anna samarbeida nært med lyrikaren Kolbein Falkeid, som har bidrege betydeleg med tekstar til Stavelands melodiar. Falkeid og Staveland var naboar på den tida då samarbeidet starta, og dette samarbeidet var ein utløysande årsak til at gruppa Vamp vart danna.

Staveland har også laga musikken til den norske filmen Ikke naken, saman med son sinn, Odin Staveland.

Som musikar spelar Staveland fleire instrument; fele, bratsj, fløyter og trekkspel. I tillegg har han vore vokalist på enkelte av Vamp sine songar.

Før han byrja sysla med musikk på heiltid jobba Øyvind Staveland som tømrar og feiar.

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.