193

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

< 193 >

191 | 192 | 193 | 194 | 195
Bust of Septimius Severus (reign 193–211 CE). White, fine-grained marble, modern restorations (nose, parts of the beard, draped bust)
I året med fem keisarar gjorde fem ulike menn krav på å vera keisar. Dei fem var Pertinax, Didius Julianus, Pescennius Niger, Clodius Albinus og Septimius Severus (avbilda), som gjekk sigrande ut av striden.

193 (romartal CXCIII) var eit normalår som byrja på ein måndag etter den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjend som året då Sosius og Ericius var konsul (eller sjeldnare som år 946 ab urbe condita). Det er også blitt kjend som året med fem keisarar, då fem pretendentar gjorde krav på den romerske keisartrona.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1. januar: Det romerske senatet valde Publius Helvius Pertinax til å bli keisar etter Commodus, mot hans vilje.
  • 28. mars: Pertinax blei drepen av medlemmer frå Pretorianargarden. Keisartittelen blei auksjonert bort med Marcus Didius Julianus som vinnar - han gav 300 millionar sestertiar for trona. Dei romerske guvernørane Clodius Albinus i Britannia og Pescennius Niger i Syria gjorde også krav på trona med støtte frå troppane sine.
  • 14. april: Lucius Septimius Severus blei utropt til keisar av troppane sine ved Carnuntum i Illyricum (Balkan). Han drog med hæren sin på 16 legionar til Roma.
  • 1. juni: Septimius Severus gjekk inn i Roma og fekk Julianus avretta. Han erstatta Pretorianargarden med ei styrke på 15 000 mann frå Donau-legionane. Han nedkjempa seinare Pescennius og gjekk inn på ein avtale med Clodius Albinus.

Fødde[endre | endre wikiteksten]

Døde[endre | endre wikiteksten]

<< 100 | 101 | 102 | 103 | 104 | 105 | 106 | 107 | 108 | 109 | 110 | 111 | 112 | 113 | 114 | 115 | 116 | 117 | 118 | 119 | 120 | 121 | 122 | 123 | 124 | 125 | 126 | 127 | 128 | 129 | 130 | 131 | 132 | 133 | 134 | 135 | 136 | 137 | 138 | 139 | 140 | 141 | 142 | 143 | 144 | 145 | 146 | 147 | 148 | 149 | 150 | 151 | 152 | 153 | 154 | 155 | 156 | 157 | 158 | 159 | 160 | 161 | 162 | 163 | 164 | 165 | 166 | 167 | 168 | 169 | 170 | 171 | 172 | 173 | 174 | 175 | 176 | 177 | 178 | 179 | 180 | 181 | 182 | 183 | 184 | 185 | 186 | 187 | 188 | 189 | 190 | 191 | 192 | 193 | 194 | 195 | 196 | 197 | 198 | 199 >>