2021-dataspelet Flåklypa Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåklypa Grand Prix
Utviklar(ar)Ravn Studio
Utgjevar(ar)Zordix Publishing
Kreativt ansvarleg(e)Mario Caprino
Remo Caprino
Forfattar(ar)Kjell Aukrust
Ivo Caprino
Plattform(er)Nintendo Switch
Microsoft Windows
MacOS
Utgjeving4. november 2021
SjangerEventyr
Spelemoduseinspelar, fleirspelar

Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio. Det er basert på filmen under samme namn frå 1975 og er skildra som ei nyutgåve av PC-spelet frå 2000, som også vart utgjeve til Nintendo DS i 2010.[1] Den nye utgåva av spelet har mellom anna tredimensjonale modellar og meir avansert grafikk.[2]

I 2018 fekk spelet to millionar kroner i utviklingsstønad frå Norsk Filminstitutt. I juli same året vart ein innsamlingskampanje lansert på Startskudd.no[3], som samla inn over 600 000 kroner.[4] Spelet hadde opphavleg planlagd utgjeving i 2019, som seinare vart utsett til 2020. I april 2020 vart det kunngjort at Zordix Publishing skulle stå for publiseringa av spelet i 2021.[5] Flåklypa Grand Prix vart til slutt utgjeve den 4. november 2021 til Nintendo Switch og Microsoft Windows via Steam, med ei planlagd komande utgåve til Mac.[6]

Spelet fekk positiv mottaking for presentasjonen og nostalgifaktoren, men kritikk for manglande innhald i høve originalutgåva frå 2000.[7][8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flåklypa-spillet kommer neste år». spillhistorie.no. 6. april 2020. Henta 22. april 2020. 
  2. «Se de første bildene fra det nye Flåklypa-spillet». NRK. 20. april 2018. Henta 22. april 2020. 
  3. «Flåklypa Grand Prix-remaken ber om vår hjelp». Gamereactor. 27. juli 2018. Henta 22. april 2020. 
  4. «Flåklypa Grand Prix». Startskudd. 3. april 2020. Henta 22. april 2020. 
  5. «Zordix Publishing reveals: Hit game Pinchcliffe Grand Prix to get spiritual successor on Nintendo Switch and PC». Zordix. 3. april 2020. Arkivert frå originalen 2020-05-20. Henta 22. april 2020. 
  6. «FLÅKLYPA GRAND PRIX». Ravn Studio. Henta 27. september 2021. 
  7. Jansen, Espen (29. oktober 2021). «Anmeldelse: Flåklypa Grand Prix». Gamer.no. Henta 4. november 2021. 
  8. Fjeld Olsen, Rune (2. november 2021). «Anmeldelse: «Flåklypa Grand Prix»». NRK. Henta 4. november 2021.