24SevenOffice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
24SevenOffice
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.879 447 992
Skipa1997
Bransjeprogramvarebransje
HovudkontorTjuvholmen Sjå dette på Wikidata

24SevenOffice er eit norsk IT-firma med hovudkontor i Skien og kontor i Oslo, Stockholm og London.

Firmahistorie[endre | endre wikiteksten]

24SevenOffice vart starta i 1996 i Porsgrunn av Stian Rustad. Selskapet heitte tidlegare kontorplassen.no men skifta i februar 2005 namn til 24SevenOffice.

I februar 2005 kjøpte selskapet den svenske konkurrenten Start & Run. Dette gjorde at 24SevenOffice fekk 400 nye kundar.

I august 2005 hadde selskapet ein emisjon som gav 15 millionar kroner til selskapet. Selskapet vart lista på OTC-marknaden som ein unotert aksje 5. oktober 2005. Tickeren er 24SO og 11. oktober same år vart aksjen handla til 11,50 kr, noko som verdsette selskapet til 67 millionar kroner.

I desember 2005 gjekk selskapet inn i ei partnaravtale med Active24.

I januar 2006 vart selskapet hovudsponsor til Petter Solberg, tidlegare verdsmeister i WRC, i ein sponsoravtale verdt 5 millionar norske kroner.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

24SevenOffice er eit web-basert ERP-system for små og mellomstore føretak. Systemet inkluderer modular for CRM, rekneskap, fakturering, e-post, fil-/dokumenthandsaming og prosjektstyring.

Systemet er web-basert og nyttar HTML, JavaScript, CSS, XML og XMLHttpRequest for å oppnå eit raskt brukargrensenitt. Teknikken som vert nytta vert ofte omtala som Ajax.

24SevenOffice har vunne fleire prisar, inkludert «Seal of Excellence» på CeBIT og «Årets Produkt 2005» i Kapital.

Konkurrentar[endre | endre wikiteksten]

Den einaste to direkte konkurrentane er amerikanske NetSuite og norske Office123, som òg tilbyr eit liknande web-basert system. Andre web-baserte konkurrentar inkluderer Salesforce.com, SugarCRM og QuickBooks Online.

Tradisjonelle konkurrentar i Noreg er Mamut, Visma, SuperOffice og HansaWorld.

Modular[endre | endre wikiteksten]

  • Fakturering
  • Rekneskap
  • Salsstøttesystem (CRM)
  • Fil-/dokumenthandsamar
  • E-post
  • Prosjektstyring
  • Kalender
  • Publisering
  • Netthandel

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]