Tjuvholmen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjuvholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Oslo
Kart
Tjuvholmen
59°54′26″N 10°43′19″E / 59.9071°N 10.722°E / 59.9071; 10.722
Wikimedia Commons: Tjuvholmen

Tjuvholmen er eit nyutvikla bustads-, kontor- og forretningsstrok i det indre hamnebassenget i Oslo, bygd på tidlegare kaiområde. Området er på 51 dekar, og ligg rett sør for Aker Brygge, mellom Pipervika og Filipstad, og vart bygd ut mellom 2005 og 2014 som part av det som vart kalla Fjordbyen i Oslo. På Tjuvholmen ligg òg Astrup Fearnley Museet og andre kunstgalleri, hotell, park, strand, badebrygge, restaurantar og butikkar. Området er tettbygd, men arkitekturen er variert, og mange arkitektar har vore engasjert i planlegging og bygging.

Tidlegare var det hamne- og skipsbyggingverksemder her. Det gamle kaiområdet her er både utvida, til dels ved at bygningar og gater er plassert på søyler i vatnet, og oppdelt ved at det er grove ut kanalar tvers gjennom. Slik er det laga til tre skilde område, Odden, som er nærast Aker Brygge, Holmen i sør og Skjæret mot aust.

Utsnitt av kart over Kristiania (Oslo) frå 1900, med Tjuvholmen heilt nede til venstre i Piperviksbugten, og Akers mekaniske Verksted, no Aker Brygge, nordanfor. Den raude lina som ender i ein «pil», er jarnbanen Drammenbanen med endestasjonen Oslo V, der stasjonsbygningen no er Nobels Fredssenter.
Tjuvholmen i framgrunnen, Aker Brygge attom, frå og med der den store fritidsbåthamna ligg og innover. Dei store boga takflatene høyrer til Astrup Fearnley Museet, som i tillegg til museumslokala òg er kontorbygning.

Tjuvholmen var opphavleg ei om lag fem dekar stor og kupert øy, og har ei soge attende til 1600-talet som avrettingsstad. Seinare har her vore sommarhus, hamnehage for kyr, pottemakari og dessutan offentlege sjøbadinnretningar for kvinner på austsida og menn på vestsida. Dei fyrste samankoma for sosialistar vart òg halde på Tjuvholmen i 1874, i friluft. I 1919 tok hamnevesenet i Oslo til å byggje kaier her og auka arealet med utfyllingar til 33 dekar, og det vart etter kvart sett opp store lagerbygg og ei stor hamnekantine for dei mange hamnearbeidarane her. Frå 1982 og fram til byrjinga av 2000-talet vart bygningane på Tjuvholmen nytta som lager, godsterminal, kontor og dessutan som lokale for Statens balletthøgskole og Statens operahøgskole. Alle dei tidlegare bygningane er rivne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tjuvholmen i Oslo