Hopp til innhald

A Shot of Rhythm and Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Shot of Rhythm and Blues
Singel av Arthur Alexander
A-side

You Better Move On

Språk engelsk
Utgjeve 1961
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 1:44
Selskap Dot Records
Komponist Terry Thompson
Tekstforfattar Terry Thompson
Låtskrivar(ar) Terry Thompson
A Shot of Rhythm and Blues
av The Beatles
frå albumet Live at the BBC
Språk engelsk
Utgjeve 1994
Innspelt 1. august 1963
Studio Playhouse Theatre i Manchester
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:14
Selskap Apple Records
Komponist Terry Thompson
Tekstforfattar Terry Thompson
Låtskrivar(ar) Terry Thompson
Produsent George Martin

«A Shot of Rhythm and Blues» er ein song skriven av Terry Thompson[1] og først spelt inn av den amerikanske soulsongaren Arthur Alexander. Han vart opphavleg gjeven ut i USA i 1961 og i Storbritannia året etter som B-sida til «You Better Move On».

I tillegg til å ha Rhythm and Blues i tittelen er songen i seg sjølv ein R&B-song.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Johnny Kidd & the Pirates gav ut songen på singel i 1962 med Johnny Kidd på vokal, Mick Green på sologitar, Johnny Spence på bass og Frank Farley på trommer.

Denne songen og «Some Other Guy» vart ein standard i 1960-åra i Mersey-miljøet, særskild på Cavern Club, og vart spelt av Cilla, Sam «T-Bird» Jensen, The Beatles og Gerry and the Pacemakers.

The Beatles spelte inn «A Shot of Rhythm and Blues» tre gonger for BBC BBC i 1963 med John Lennon på solovokal kvar gong. Ein av versjonane finst på albumet albumet Live at the BBC, gjeve ut i 1994.[2] Kritikaren Robert Christgau kalla denne ein av Beatles sine beste coverversjonar.[3]

I juli 1963 spelte Cilla Black inn songen på den første innspelingsøkta hennar i Abbey Road Studios. Eit opptak frå denne økta finst på albumet The Abbey Road Decade: 1963-1973, gjeve ut i 1997.[4]

Dave Edmunds spelte inn songen i 1975 på albumet hans Subtle as a Flying Mallet. Ein kan òg høyre denne i Stardust.

Van Morrison og Linda Gail Lewis framførte songen i 2000 på albumet deira You Win Again.

Songen vart spelt av Flamin' Groovies på samlealbumet deira, Flamin' Groovies Collection.

Buffalo spelte songen i 1972 under tittelen «Just a Little Rock and Roll».

  1. «A Shot of Rhythm and Blues» by Terry Thompson at Allmusic.com
  2. The Beatles Bible: A Shot of Rhythm and Blues Henta Aug. 28, 2008.
  3. Christgau, R. «The Beatles». robertchristgau.com. Henta 15. april 2022. 
  4. CillaBlack.com Arkivert 2012-11-30 ved Wayback Machine. Henta 13. mai 2009.