Abraham Fjelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abraham Fjelli
Fødd 1817
Steinkjer kommune
Død

1893 (76 år)

Abraham Pederssøn Bakkhaug eller Abraham Fjelli (18171893) (?) var ein «Rydningsmand Tjærebrænder»[1] på Bakkhaugen i Sparbu.

Abraham Fjelli er namngjeten for å ha gått på sine bein to gongar til den svensk-norske unionskongen i Stockholm for å hevde rettane sine til å take trevyrke i skogen mot viljen til dei lokale styresmaktene, og difor vart det på 1980-1990-talet laga ei teaterframsyning om han som vart framført i friluft oppe på fjellet mellom Ogndal og Henning.

Frå midt på 1800-talet budde Abraham Fjelli på Bakkhaugan nordaust for Åksjøen. Dei som budde her var etterkommarar av gruvearbeidarane i Mokk gruver i Ogndal og stod lågare på rangstigen enn husmenn. Dei fekk slå graset på myrane, og hogge tre som forstmannen blinka ut til dei. Abraham Fjelli laga traug av treyrkjet han fekk, og sønene hans brende tjære i miler inne på fjellet.

Abraham kom i konflikt med forstvesenet, særleg forstmann Nicolay MartensSteinkjer, då han hadde hogd tre utan løyve. Han hevda retten sin, og gjekk etter det folk seier til kongen i Stockholm for å legge fram saka si. Han fekk medhald, og eit brev som viste at han hadde rett til å hogge dei trea han ville ha. Dette godtok ikkje forstvesenet, og Abraham Fjelli gjekk ein tur til. Denne gongen var det ein ny konge av Norge og Sverige, og han fekk ikkje medhald.

I 1872 vart han kasta ut frå heimen sin i Bakkhaugan, og han døydde nokre år seinare. Det bur framleis etterkommarar av han i Henning, Ogndal og Sparbu.

Teaterframsyninga[endre | endre wikiteksten]

I 1987 var Jakob Bjerkem dagleg leiar for Nord-Trøndelag teatersamlag. Han fekk då ideen om å lage eit friluftsteater om Abraham Fjelli. Inger Ramberg Røthe laga både tekst og musikk til dette turteatret som sette kjenslene i sving hos folk flest. Andreas Gjermstad hadde rollen som Abraham Fjelli.

Oppsettinga var eit fellesprosjekt mellom dei fem ungdomslaga i Sparbu og Ogndalen (Bagabu Ungdomslag, Sparbu Ungdomslag, UL Framsyn, UL Ogna og Øvre Ogndal UL)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Folketeljinga 1865