Actitis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Actitis
Strandsnipe, Actitis hypoleucos Foto: Marek Szczepanek
Strandsnipe, Actitis hypoleucos
Foto: Marek Szczepanek
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Actitis
Illiger, 1811

Actitis er ei biologisk slekt i snipefamilien Scolopacidae. To svært like fugleartar er plassert i denne slekta. Strandsnipe, Actitis hypoleucos har hekkeutbreiing i Eurasia og overvintring i Afrika sør for Sahara, den orientalske regionen og i den australske regionen. Den andre arten, flekksnipe, Actitis macularia, har utbreiing avgrensa til Amerika.

Slektsnamnet Actitis er frå gamalgresk aktites, 'kystbuar'. Akte tyder 'kyst'.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda på desse små vadarane ligg mellom 18 og 22 centimeter, med flekksnipa som den minste av desse to. Vekta varierer mellom ca. 20 og 90 gram. Begge er trekkjande vadarar, gråbrune på oversida og kvit under, med ein særeigen flukt på stive venger lågt over vatnet. Fjørdraktene er svært like, bortsett frå flekksnipene sin karakteristiske hekkefjærdrakt med kraftige mørke flekker på undersida. Begge artane har korte gule eller gulaktige bein og eit middels langt nebb. Nebbet er rett og berre litt lengre enn hovudet. Dette er særs lite sosiale fuglar og blir sjeldan sett i store flokkar.

Actitis-snipene hekkar på bakken, og hekkehabitatet er nær ferskvatn. Dei finn føda på bakken eller i vatn, og plukkar opp bytet ved hjelp av synet. Dei kan òg fange insekt i flukt. Dei et insekt, krepsdyr og andre virvellause dyr. Hekkebiologien er ikkje samsvarande mellom artane, hos strandsniper deltar begge foreldre i ruging, hos flekksniper berre viss dei er eit monogamt parsamband. Flekksnipene er delvis polyandriske, og i så fall forlèt hoene reiret etter egglegging og overlèt ansvaret til hannen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Strandsnipa hekkar frå Storbritannia tvers over Europa og Asia til Japan. Mange av desse trekker sørover for overvintring, men somme individ vil halde seg i område med kystklima i Vest-Europa gjennom vinteren. Dei mest vidstrekte overvintringsområda for strandsniper er kystane av Afrika og Afrika sør for Sahara. Vidare langs kystar av Den arabiske halvøya, Sør-Asia og Søraust-Asia, gjennom Indonesia, Ny-Guinea til Australia, i nokre år òg på øyar i det vestlege Stillehavet.[2] Flekksnipene hekkar frå Alaska til den sørlege kysten av Hudsonbukta og derfrå til kysten av Labrador-halvøya. Overvintringsområdet til flekksnipene ligg i det sørlegaste USA inkludert Florida, gjennom Mellom-Amerika og Karibia til Sør-Amerika. Sørgrensa går gjennom nordlege Argentina, og i Chile til meir enn 42 ° sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 31. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Common Sandpiper (Actitis hypoleucos) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. august 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Actitis