Melodi Grand Prix 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2016
ESC2016 - Norway 13 (crop).jpg
Dato
Finale 27. februar 2016
Vertskap
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Silya Nymoen og Kåre Magnus Bergh
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Icebreaker»
Artist Agnete
Resultat i Eurovision Song Contest 2016
Semifinalepoeng 63
Semifinaleplass 13.
Finalepoeng Ikkje kvalifisert
Finaleplass Ikkje kvalifisert
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2015 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2017

Melodi Grand Prix 2016 var den 54. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti songar deltok i finalen 27. februar 2016 i Oslo Spektrum i Oslo, og vinnaren blei «Icebreaker», framført av Agnete Johnsen. Ho har skrive låten saman med Gabriel Alares og Ian Curnow. Johnsen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm, der «Icebreaker» blei slått ut i andre semifinale. Dette var første gong sidan 2011 at Noreg ikkje var med i ein Eurovision-finale.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Rundt tusen låtar kom inn til NRKs opne konkurranse, noko som var på nivå med rekordåret 2010. I tillegg oppsøkte redaksjonen utvalde artistar og låtskrivarar for å få dei til å bidra med låtar til konkurransen. Ein jury plukka ut ti av bidraga til finalen i Oslo Spektrum laurdag 27. februar.[1]

Artistmanager Jan Fredrik Karlsen tok dette året over som musikkansvarleg for Melodi Grand Prix etter Vivi Stenberg. Karlsen fortalde at han ikkje ville gå etter dei største namna, men heller ferske artistar som «ikkje er heilt fullblods enno».[1] Artistane blei presenterte under ein pressekonferanse 19. januar 2016, og låtane blei offentleggjort 2. februar.[2] Trass Karlsens strategi var det fleire kjende namn i startfeltet, med Stage Dolls, Freddy Kalas og Agnete Johnsen som dei mest kjende.

Programleiarar var Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen. Dei leia også tevlinga i 2015. Undervegs i sendinga dukka fleire tidlegare Melodi Grand Prix-vinnarar opp på scena. Kate Gulbrandsen song «Mitt liv» frå 1987, fjorårsvinnarar Mørland og Debrah Scarlett song «A Monster Like Me» og Åse Kleveland song «Intet er nytt under solen» frå 1966. Tidlegare deltakar Reidun Sæther og 2004-vinnar Knut Anders Sørum song «Adieu» frå 1982, «Mil etter mil» frå 1978 og «Optimist» frå 1989. Etter dette dukka Jahn Teigen overraskande opp og framførte «Voodoo» frå 1976 – i skjelettdrakt. Artistane heidra også Nora Brockstedt som døydde hausten 2015. Ho var Noregs første Melodi Grand Prix-vinnar.

Sjåarane kunne røyste på dei ti finalelåtane per SMS, og dei fire låtane som fekk flest røyster, gjekk vidare til gullfinalen. Der blei dei fire gullfinale-låtane framførte på nytt, før sjåarane røysta ein gong til. Den klare vinnaren blei Agnete Johnsen med «Icebreaker». Ho fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest i Stockholm.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Laika» The Hungry Hearts med Lisa Dillan Tonje Gjevjon Uplassert
2 «Into the Fire» Stage Dolls Torstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir Rustan Uplassert
3 «Traces» Stine Hole Ulla Stine Hole Ulla, Ingrid Skretting og Trude Kristin Klæboe Uplassert
4 «Stand Up» Makeda Danne Attlerud, Michael Clauss og Thomas Thörnholm Uplassert
5 «Anyway» Pegasus Tommy Nilsen og Ronny Nilsen Uplassert
6 «Feel Da Rush» Freddy Kalas Fredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse Gullfinale
7 «Afterglow» Laila Samuels Laila Samuelsen, The Beatgees og Jan Weigel Laila Samuelsen Gullfinale
8 «History» Elouiz André Lindahl, Jeanette Olsson, Michael Jay Uplassert
9 «Anna Lee» Suite 16 David Bjoerk, Andreas Moe, David Eriksen, Alexander Austheim Gullfinale
10 «Icebreaker» Agnete Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
6 «Feel Da Rush» Freddy Kalas Fredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse 88 128 2
7 «Afterglow» Laila Samuels Laila Samuelsen, The Beatgees og Jan Weigel Laila Samuelsen 48 865 4
9 «Anna Lee» Suite 16 David Bjoerk, Andreas Moe, David Eriksen, Alexander Austheim 56 671 3
10 «Icebreaker» Agnete Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow 166 728 1

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster, og gullfinalistane hadde med seg røystene frå første runde. Røystene var delte i fem geografiske regionar ut frå kor i landet dei blei sende frå, og tala i tabellen under viser mottatte SMS-røyster. Dei blei leste opp av sjåarar som heldt Grand Prix-festar rundt om i landet. «Icebreaker» leia røystinga heile vegen og vann til slutt klart.[3]

Nr. Tittel Midt-Noreg Nord-Noreg Sør-Noreg Vest-Noreg Aust-Noreg Totalt
6 «Feel Da Rush» 8 562 11 616 8 998 10 798 48 154 88 128
7 «Afterglow» 6 479 4 851 5 937 6 224 25 374 48 865
9 «Anna Lee» 6 667 5 548 4 881 8 572 31 003 56 671
10 «Icebreaker» 14 898 51 097 14 825 18 574 67 334 166 728

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg skulle Freddy Kalas stille med «Happy Rush». Låten blei diskvalifisert frå tevlinga, fordi han var for lik «Cannabus» som Kalas gav ut i 2011.[4] NRK let likevel Kalas få delta med ein annan song – «Feel Da Rush».[5] Avgjerda var omdiskutert, og fleire kommentatorar meinte Kalas ikkje burde ha fått delta med ein ny song.[6] Trass kritikken blei «Feel Da Rush» den desidert mest populære låten på førehand. Fram til finaledagen var Kalas sin låt spelt tre millionar gonger på musikkstrøymetenesta Spotify, noko som utgjorde 90 prosent av alle avspelingar av finalelåtane dette året.[7] «Feel Da Rush» blei også ein stor hit og låg heile 21 veker på VG-lista med ein andreplass som beste notering.[8] Vinnaren «Icebreaker» låg fire veker på lista, med ein åttandeplass som beste notering.[9]

Den norske finalen blei sett av 1 313 000, det høgaste talet sidan finalen i 2010.[10]

Artistar som tidlegare har medverka i Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Person Bidrag i 2016 Rolle i 2016 Tidlegare
år
Tidlegare bidrag Tidlegare rolle Plassering i tidlegare tevling
Finalen Sistesjansen Semifinalen
Silya Nymoen Programleiar (med Kåre Magnus Bergh) 2012 «Shapeshifter» Låtskrivar (med Rikke Normann) X Ikkje arrangert Ukjend
«Euphoria» Artist (under namnet SiLyA)
Låtskrivar
X Ukjend
2013 «Hold On» Låtskrivar (med KeiOne og John Lundvik) X Ukjend
2015 Programleiar (med Kåre Magnus Berg)
Kåre Magnus Bergh Programleiar (med Silya Nymoen) 2015 Programleiar (med Silya Nymoen)
Agnete Johnsen «Icebreaker» Artist (under namnet Agnete)
Låtskrivar (med Gabriel Alares og Ian Curnow)
2011 «Dance Tonight» Artist (del av The BlackSheeps)
Låtskrivar (med Emelie Nilsen)
2 Direktekvalifisert 2
David Eriksen «Anna Lie» Låtskrivar (med David Bjoerk, Andreas Moe og Alexander Austheim) 1998 «Alltid sommer» Låtskrivar (med Linda Andernach Johansen) 1 Ikkje skipa Ikkje skipa
2009 «Butterflies» Låtskrivar (med Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre) 2 Direktekvalifisert 1
2014 «Sole Survivor» Låtskrivar (med Elisabeth Carew, Simon Climie og Mats Lie Skåre) Ukjend Ikkje arrangert 3
Laila Samuelsen «Afterglow» Artist (under namnet Laila Samuels)
Låtskrivar (The Beatgees og Jan Weigel)
2014 «Heal» Låtskrivar 3 1

I tillegg har Agnete Johnsen vunne både Melodi Grand Prix Junior 2008 og Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 med «Oro jaska, beana», då som ein del av The BlackSheeps. David Eriksen var låtskrivar for «Alltid sommer», Noregs bidrag i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia. Songen enda på åttandeplass med 79 poeng.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Østbø, Stein (2. desember 2015). «MGP-Karlsen: Tror på norsk seier»VG Nett.
  2. Hyttebakk, Jon Marius (19. januar 2016). «Her er årets MGP-artister»nrk.no.
  3. «Melodi Grand Prix 2016 – Finale». Norsk rikskringkasting. 27. februar 2016. Besøkt 20. august 2016.
  4. Talseth og Hegseth, Thomas og Morten (20. januar 2016). «Freddy Kalas-låt blir diskvalifisert fra Melodi Grand Prix»VG Nett.
  5. Aune og Alnes, Oddvin og Espen (20. januar 2016). «Freddy Kalas får fortsette i MGP»nrk.no.
  6. Talseth, Thomas (21. januar 2016). «Jostein Pedersen: Grand Prix i vanry»VG Nett.
  7. Pedersen og Braseth, Ruben og Sofie (27. februar 2016). «Freddy Kalas' «Feel Da Rush» er hørt mest av årets MGP-låter. Nordiske eksperter tror ikke han vinner av den grunn»Dagbladet.no.
  8. «VG-lista for 'Feel Da Rush'». Verdens Gang. Besøkt 20. august 2016.
  9. «VG-lista for 'Icebreaker'». Verdens Gang. Besøkt 20. august 2016.
  10. Alnes, Espen (29. februar 2016). «Beste MGP-finale sidan 2010»nrk.no.