Aki-Matilda Høegh-Dam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aki-Matilda Høegh-Dam
Fødd17. oktober 1996 (27 år)
Hillerød
Statsborgar avKongeriket Danmark
Yrkepolitikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
Alle verv
  • folketingsmedlem (2019–)
  • folketingsmedlem Sjå dette på Wikidata

Aki-Matilda Høegh-Dam (fødd 17. oktober 1996 i Hillerød[1]) er ein grønlandsk politikar som representerer partiet Siumut. Ho blei vald inn på Folketinget som 22-åring ved folketingsvalet i 2019.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aki-Matilda Høegh-Dam stammar frå Sisimiut, men har også budd i Nuuk, Upernavik og Qaqortoq.[3] Ho vaks opp saman med to eldre brør, og har dessutan to halvsystrer på farssida. I 2015 flytta ho til København for å studere statsvitskap ved Københavns Universitet.[4][5]

I 2015 deltok Høegh-Dam i missetevlinga Miss Danmark og blei nummer 6 i finalen, noko som gav ein del merksemd på Grønland.[6][2]

Høegh-Dam kjem frå ein politisk aktiv familie. Faren hennar Kim Høegh-Dam er aktiv politikar i Partii Naleraq, og broren hennar Qarsoq har arbeidd for partiet.[7] Ho er kjærasten til politikaren Kuno Fencker, som var kandidat for for Partii Naleraq under folketingsvalet i 2019.[8][9]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Som 14-åring byrja Høegh-Dam å utføre frivillig arbeid i barnerådet til NAKUUSA.[7] NAKUUSA er eit prosjekt som er oppretta i samarbeid med Grønlands Selvstyre og UNICEF for å styrke stillinga til barnekonvensjonen til SN på Grønland.[10] I 2011 deltok Høegh-Dam i eit barnetoppmøte som blei halde av NAKUUSA i Ilulissat, der 40 grønlandske unge diskuterte korleis grønlandske barn og unge kunne få eit betre liv.[11][1] Arbeidet i NAKUUSA fekk ho til å engasjere seg politikk, og som 15-årig melde Høegh-Dam seg inn i ungdomspartiet til Siumut.[7]

Høegh-Dam har vore partisekretær i Siumut Ungdom.[7] Ho hjelpte til på kontoret til Siumut i Inatsisartut fleire gongar frå 2013 til 2015, og blei deretter tilsett som studentmedhjelpar for Siumut i Folketinget då ho kom til København.[3]

Tale på grønlandsk i Folketinget[endre | endre wikiteksten]

Etter den årlege utgreiinga om riksfellesskapet, som blei lagt fram av statsminister Mette Frederiksen 12. mai 2023, heldt Høegh-Dam ein tale på grønlandsk, og avviste etterpå, også på grønlandsk, å lese talen opp på dansk.[12] Talen blei starten på ein debatt som 21. september 2023 førte til at det blei tillate å tale på grønlandsk og færøysk, dersom talaren etterfølgjande omset talen til dansk. Dessutan kan folketingsmedlemmar som er valde frå Grønland og Færøyane få pengar til å tilsetje ein tolk, på same måte som enkelte skriftlege utgreiingar som omfattar grønlandske og færøyske forhold blir omsett.[13] Høegh-Dam vann prisen for årets danske tale, som blir gjeven ut av institusjonen Danske Taler, for sin tale på grønlandsk. I grunngjevinga blir det framheva den debatten som talen skapte, og verknaden han hadde. Talen illustrerte ovanfor Folketinget den kjensla som grønlendarane kan ha, når dei ikkje forstår diskusjonar om landa deira på dansk, eit forhold som Høegh-Dam kom inn på i talen og gjerne ville gjere om på.[14][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Fem fra Sisimiut deltager i børnetopmødet». Sermitsiaq.AG. 17. oktober 2011. Henta 7. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Miss Danmark-finalist bliver grønlandsk folketingsmedlem». DR. 6. juni 2019. Henta 6. juni 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Grønlandsk miss-kandidat med politisk erfaring». Sermitsiaq.AG. 14. august 2015. Henta 7. juni 2019. 
  4. «Aki-Matilda Høegh-Dam». Miss Danmark. Henta 6. juni 2019. 
  5. «Aki-Matilda Høegh-Dam». KNR. 29. maj 2019. Henta 7. juni 2019. 
  6. «Aki-Matilda er på alle måder en vinder». KNR. 15. september 2015. Henta 6. juni 2019. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Siumuts unge komet: Børns vilkår fik hende ind i politik». Sermitsiaq.AG. 6. juni 2019. Henta 7. juni 2019. 
  8. «Kuno Fencker: Derfor stiller jeg op til Folketinget». Sermitsiaq.AG. 20. mars 2019. Henta 7. juni 2019. 
  9. «Resultater». valg.gl. 7. juni 2019. Henta 7. juni 2019. 
  10. «Vi arbejder for børn i Grønland». UNICEF. Henta 7. juni 2019. 
  11. «Grønlands unge diskuterer det gode børneliv». folkeskolen.dk. 20. oktober 2011. Henta 7. juni 2019. 
  12. Altinget.dk Henta søndag den 14. mai 2023
  13. Anders Dall. «Nu må politikere tale grønlandsk og færøsk i Folketinget - men de skal selv oversætte til dansk». DR.  Unknown parameter |data= ignored (|date= suggested) (hjelp)
  14. Frederik Gjersen Hansen (24. oktober 2023). «Tale på grønlandsk vinder årets danske tale 2023». Altinget.dk. 
  15. Nicole Sander Bertelsen (24. oktober 2023). «Aki-Matilda Høegh-Dam vinder pris for tale på grønlandsk». KNR.