Al-Musayfirah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Musayfirah
المسيفرة
by
Land  Syria
Guvernement Daraa
Distrikt Daraa
Nahiyah Al-Musayfirah
Høgd 550 moh.
Koordinatar 32°37′56″N 36°20′19″E / 32.63222°N 36.33861°E / 32.63222; 36.33861
Folketal 10 466  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Musayfirah
32°37′56″N 36°20′19″E / 32.63222222°N 36.33861111°E / 32.63222222; 36.33861111
Wikimedia Commons: Al-Musayfirah

Al-Musayfirah (arabisk المسيفرة, òg skrive Mseifreh eller Musayfra) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, som ligg aust for Daraa og 37 kilometer søraust for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kahil i sørvest, al-Jiza i sør, al-Sahwah i søraust, 'Ara i aust, Umm Walad i nordaust, al-Karak i nord, al-Ghariyah al-Sharqiyah i nordvest og Saida i vest. Al-Musayfirah har eit areal på 7,05 hektar.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå har al-Musayfirah eit folketal på 10 466 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Musayfirah nahiyah («underdistrikt») som består av fire stader med eit samla folketal på 32 473 i 2004.[1] I nyare tid har folketalet vorte estimert til kring 13 600 i 2009.[2] Den største familien er al-Zu'bi-klanen (al-Zoubi).[3]

Al-Musayfirah tente som senter for Sufi-ordenen al-Qadiriyyah i den osmanske og franske tida. Byen er kjend for det store slaget mellom den franske hæren og drusar-opprørarar under det store syriske opprøret i september 1925. Dei fleste innbyggjarane vart tvungen ut eller drepne av dei franske styrkane anten før eller under slaget.

Byen er i stor grad avhengig av pengar sende frå familiemedlemmar som arbeider i Gulfstatane. Desse utvandrarane har fått bygd fleire offentlege plassar og bygg i byen. Jordbruk er hovudnæringa og oliven er den viktigaste avlinga. Kveite, bygg og forskjellige grønsaker vert òg dyrka. Klimaet er generelt moderat med milde vintrar og særs varme somrar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den osmanske og franske tida[endre | endre wikiteksten]

Den moderne byen vart grunnlagd i den osmanske tida (1517–1917).[3] I 1596 var Musayfira nedskriven i osmanske skattelister som ein del av Butayna nahiya i Hauran qada. Han hadde berre muslimske innbyggjarar og bestod av 22 hushaldningar og 18 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[4]

I 1838 vart al-Musayfirah klassifisert som ein khirba («forlaten landsby») av bibelforskaren Eli Smith.[5] I denne perioden og under det franske styret (1918–46) vart 16 landsbyar i regionen kontrollert av al-Zu'bi-klanen som var opphav til mange av dei religiøse sjeikane frå Sufi-ordenen al-Qadiriyyah, som vart skipa av Abd al-Qadir al-Jilani. Medan Khirbet al-Ghazaleh og Deir al-Bukht var dei politiske seta til klanhøvdingen, var al-Musayfirah det religiøse senteret til al-Zu'bi.[6] I september 1910 tente al-Musayfirah som destinasjon for osmanske soldatar før dei gjekk til åtak mot drusar-opprørarar i Jabal al-Arab, litt lenger aust. Opprørsleiaren, Yahya al-Atrash, vart arrestert av styresmaktene under operasjonen.[7]

Under det store syriske opprøret mot det franske mandatet, slo den muslimske sjeiken frå al-Musayfirah, Muhammed al-Zu'bi, og ryttarane hans seg saman med drusar-opprørarane til sultan Pasha al-Atrash i Jabal i august 1925.[8] Al-Musayfirah var åstad for eit stort slag mellom franske styrkar og drusar-opprøarar den 17. september. Slaget enda i fransk siger og 300-400 opprørar mista livet.[9] Dette bana veg for at franskmennene kunne erobre al-Suwayda den 24. september, sjølv om dei trekte seg attende to månader seinare.[10] Fleire av innbyggjarane i al-Musayfirah hadde anten vorte drepne eller drivne bort før og under slaget.[9] Eit minnesmerke vart sidan reist i al-Musayfirah til minne om opprørarane under slaget.[3]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Den 29. juli 2011, under den syriske borgarkrigen som byrja i mars 2011, vart ein demonstrasjon mot staten i al-Musayfirah slått ned av tryggingsstyrkar som opna eld mot demonstrantane, og ein sivil mista livet.[11] Tidleg i september deltok hundre til tusenvis av demonstrantar i demonstrasjonar mot staten i byen.[12] Den 11. september rapporterte Reuters at 40 menneske frå al-Musayfirah vart sette i fengsel av tryggingsstyrkane, i lag med mange andre frå dei nærliggande byane al-Jiza og Busra al-Harir.[13] Den 27. april 2012 rapporterte Financial Times at under den korte våpenkvilen mellom regjeringsstyrkane og opprørarane, var dei vitne til hundrevis av demonstrantar som ropet «Gud bevare Den frie syriske armeen» i al-Musayfirah. Den frie syriske armeen er ein av dei mange væpna organisasjonane som gjer opprør mot styret til Bashar al-Assad. På den tida skal ein tredjedel av innbyggjarane i byen ha flykta og dusinvis var drepne sidan starten på krigen.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Hashshish, Safaa. Al-Musayfirah: A Name Linked to the Struggle. E-Daraa. E-Syria. 2009-04-19.
  3. 3,0 3,1 3,2 Abu Nukta, Mutasim. Al-Musayfirah. E-Daraa. E-Syria. 2009-08-07. (arabisk)
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 215.
  5. Smith and Robinson, 1841, s. 151.
  6. Batatu, 1999, s. 107.
  7. Murphy, 1921, s. 14.
  8. Provence, 2005, s. 77.
  9. 9,0 9,1 Provence, 2005, s. 93.
  10. Provence, 2005, s. 94.
  11. Assad faces armed challenge in oil-producing east. Ahram Online. 2011-07-29.
  12. Syrian city under siege as UN urges action and Red Cross visits Damaskus jail. Al Arabiya. 2011-09-06.
  13. Gulf states condemn Syria 'killing machine'. Al Jazeera English. 2011-09-11.
  14. Peele, Michael. Despair and defiance greet Syrian monitors. Financial Times. 2011-04-27.