Al-Sukhnah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
al-Sukhnah
السخنة
landsby
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Tadmur
Nahiyah Al-Sukhnah
Høgd 460 moh.
Koordinatar 34°53′12.5″N 38°52′19.5″E / 34.886806°N 38.872083°E / 34.886806; 38.872083
Folketal 16 173  (2004)
Kart
Al-Sukhnah
34°53′13″N 38°52′19″E / 34.886805555556°N 38.872083333333°E / 34.886805555556; 38.872083333333

Al-Sukhnah (arabisk السخنة) er ein by aust i Syria i Homs guvernement, aust for Homs i Den syriske ørkenen. Av stader i nærleiken finn ein Mayadin og al-Asharah i aust, al-Taybah og al-Raqqah i nord, Salamiyah i vest, Arak i Syria og Tadmur (Palmyra) i sørvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sukhnah eit folketal på 16 173 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Sukhnah nahiyah («underdistrikt») som består av seks stader med eit samla folketal på 21 880 i 2004.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg sunnimuslimar.[2] Al-Sukhnah har trekt til seg hundrevis av innbyggjarar frå nærliggande landsbyar dei siste hundreåra[3] og er i dag eit senter for naturgassindustrien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 634, då Rashidun-armeen til Khalid ibn Walid erobra Arak, tok al-Sukhnah imot den muslimske styrken i fred, då dei høyrte om dei generøse overgjevingsvilkåra som vart gjevne i Arak.[4]

I 1225 vart al-Sukhnah skildra av den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi som «ein liten by i Den syriske ørkenen, mellom Tadmur og 'Urd og Arak. Utanom kjelda finst her palmar. Han ligg ved vegen til Damaskus frå ar-Raqqah, og du kjem til han før du når Arak.» Midt på 1300-talet skreiv Ibn Batuta at al-Sukhnah var «ein vakker by», med hovudsakleg kristne innbyggjarar. Han noterte at al-Sukhnah fekk namnet sitt frå varmekjeldene her og at det var bad i byen.[5]

På 1600- og 1700-talet vart al-Sukhnah eit viktig handelssenter i Den syriske ørkenen for innbyggjarane i nærliggande landsbyar og forskjellige beduin-stammer.[3] Særleg var Sawakhina («folket frå al-Sukhnah») viktige i handelen med 'Anizzah-føderasjonen. I motsetnad til dei fleste beduingruppene hadde ikkje 'Anizzah økonomiske forhold med landsbyane i det indre av Syria og handelen deira med al-Sukhnah var unik. 'Anizzah handla kamelar, hestar, alkalisk oske og lêr, medan handelsfolk frå al-Sukhnah selde kveite, klede, våpen og reiskapar.[6] Midt på 1800-talet vart byen mindre viktig etter kvart som Deir ez-Zor vart viktigare. På 1900-talet og fram til i dag har Sukhnah halde fram å fungere som handelssenter for området.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Sukhnah var knytte til forskjellige stammer i regionen gjennom forskjellige hierarkiske økonomiske band. Dei betalte avgift på kornavlingane til Sba'a, som til gjengjeld verna handelen deira. Dei gav òg saueflokkane til 'Umur og Hadidiyin. Til alle desse stammene gav innbyggjarane i al-Sukhnah korn, klede og forskjellig utstyr, medan dei attende fekk fe-produkt som dei kunne selje i dei store syriske byane.[3] I dag har al-Sukhnah blitt eit lite industrisenter for naturgass.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-20 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 174.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Mundy and Musallam, 2000, s.126-129.
  4. Akram, 1970, s. 321-322.
  5. le Strange, 1890, s.539.
  6. Douwes, 2000, s. 39-40.
  7. Gibb, 1996, s. 231.