Hopp til innhald

Tadmur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tadmur
تدمر
by
Den moderne byen Tadmur
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Tadmur
Nahiyah Tadmur
Høgd 405 moh.
Koordinatar 34°33′36″N 38°16′2″E / 34.56000°N 38.26722°E / 34.56000; 38.26722
Folketal 51 323 (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 31
Kart
Tadmur
34°33′36″N 38°16′02″E / 34.56°N 38.267222222222°E / 34.56; 38.267222222222
Kart som viser Tadmur.
Kart som viser Tadmur.
Kart som viser Tadmur.
Wikimedia Commons: Tadmur

Tadmur (arabisk تدمر; òg skrive Tadmor, Tudmur; i antikken Palmyra) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement. Han ligg i ein oase midt i Den syriske ørkenen 215 km nordaust for Damaskus[2] og 180 km sørvest for Eufrat. Dei gamle ruinane av Palmyra ligg kring 500 meter sørvest for Tadmur.[3] Sjølv om han er relativt isolert er stader i nærleiken Arak i aust, al-Sukhnah lenger nordaust, Tiyas i vest og al-Qaryatayn i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tadmur eit folketal på 51 323 i 2004.[1] Innbyggjarane vart registrert som sunnimuslimar i 1838.[4]

Tadmur er den moderne busetnaden som ligg ved den antikke byen Palmyra, og utvikla seg like nord for dei gamle ruinane.[5] Den moderne byen er bygd etter eit rutemønster. Quwatligata er hovudgata og går frå aust til vest, og startar ved Saahat al-Ra'is-plassen vest i byen.[3] Byen er i dag base for turistar som vitjar ruinane.[5] Han har eit museum sørvest i byen.[3] Syria held ein årleg kulturfestival i Tadmur for å feire den antikke arva.[6] Palmyra lufthamn ligg ved Tadmur.

Tadmur er òg eit senter for fosfatutvinning og naturgassindustrien i Syria.[5] Den første fosfatgruva driven av staten vart grunnlagd nær Tadmur og produksjonen starta i 1971.[7] Arbeidet med å knyte fosfatgruvene i Tadmur til hamna i Tartus byrja i 1978.[8] I 1986 oppdaga landmålarar frå 1986 store jernmalmførekomstar i nærleiken av Tadmur.[9]

  1. 1 2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Syria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014.
  3. 1 2 3 Carter, s. 205.
  4. Smith, 1841, s. 174.
  5. 1 2 3 Knowles, 2006.
  6. Cavendish, s. 439.
  7. Federal Research Division, s. 169.
  8. Federal Research Division, s. 194.
  9. Federal Research Division, s. 170.