Den syriske ørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°19′60″ N 38°49′0″ E
Den syriske ørkenen
ørken
none  Den syriske ørkenen by NASA World Wind
Den syriske ørkenen by NASA World Wind
Land Flag of Syria.svg Syria
Koordinatar 33°19′60″ N 38°49′0″ E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Deserts of Syria

Den syriske ørkenen (arabisk بادية الشام, Bādiyat ash-shām), òg kalla Den syrisk-arabiske ørkenen, er ein kombinasjon av stepper og verkeleg ørken som ligg nord i Arabia og dekkjer over 500 000 kvadratkilometer av Syria. Ørkenen er særs steinete og flat.[1][2]

Den syriske ørkenen ein stad mellom Deir ez-Zor og Tadmor (Palmyra)

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den syriske ørkenen er ein del av Al-Hamad,[3] som dekkjer delar av Tyrkia, Syria, Irak, Jordan og Saudi-Arabia. Han grensar i vest til Orontesdalen og i aust til Eufrat. I nord går ørkenen over i meir frodige grassletter. I sør held ørkenen fram sørover på Den arabiske halvøya. Mange mindre ørkenar ligg innanfor den Den syriske ørkenen som Palmyra. Damaskus ligg i ein oase i ørkenen. Det merkverdige landskapet i ørkenen vart danna av lava frå vulkanområdet Jabal ad Duruz sør i Syria. Den syriske ørkenen er opphavet til syrisk hamster.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ørkenen var historisk busett av beduinar og mange lever framleis i området, men hovudsakleg i byar og busetnader nær oasar. Somme beduinar lever framleis på den tradisjonelle måten i ørkenen. Safaittiske inskripsjonar, førarabiske tekstar skrivne av skrivekunnige beduinar, finst over heile Den syriske ørkenen. Desse er daterte til kring det første hundreåret fvt. til 300-talet evt.

Under Irakkrigen var ørkenen ei viktig forsyningslinje for irakiske opprørarar, og den irakiske delen av ørkenen vart ein viktig skanse for sunni-opprørarar som opererte i Al Anbar guvernement, særleg etter at koalisjonen erobra Fallujah under operasjon Phantom Fury. Ei rekkje militære operasjonar frå koalisjonen var relativt ineffektive når det gjaldt å drive opprørarane ut av ørkenen. Opprørarane byrja å få kontroll over det omliggande området. I september 2006 hadde dei fått kontroll over nesten heile Anbar guvernement og hadde flytta det meste av styrkane, utstyret og leiarane sine lenger aust til byar opprørarane kontrollerte nær Eufrat. Den syriske ørkenen vart framleis nytta som ei av hovudrutene for å smugle utstyr.[4][5][6][7][8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]