Al Jazeera Media Network

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Jazeera Media Network
Skipa1996
DotterselskapAl-Jazeera, Al Jazeera English, Al Jazeera Balkans, Al Jazeera Türk, AJ+ Sjå dette på Wikidata
Bransjemedieindustrien
HovudkontorDoha Sjå dette på Wikidata

Al Jazeera Media Network (AJMN, arabisk الجزيرة‎ romaniert al-jazīrah, IPA: [æl (d)ʒæˈziːrɐ]; bokstaveleg 'Halvøya', som viser til Qatarhalvøya) er eit qatarsk internasjonalt mediaføretak med hovudkvarter i Qatar Radio and Television Corporation Complex i Wadi Al Sail i Doha. Det er eigarselskapet til nyheitskanalen Al Jazeera og andre liknande mediaføretak. Han blei opphavleg skipa som ein arabisk nyheitskanal for satellitt-TV, men har vokse til eit nettverk i fleire medium, som internett og spesialiserte tv-kanalar på fleire ulike språk. Formannen for føretaket er Sheikh Hamad bin Thamer Al Thani.[1][2]

Organisasjonen er ei «privat skiping for offentleg gode» etter qatarsk lov.[3] Under denne strukturen får han støtte frå den qatarske staten. Ifølgje medieforskaren Tine Ustad Figenschou tyder dette at sjølv om både Al Jazeera og qatarske embetsfolk legg vekt på at nettverket er politisk sjølvstendig, er dette ein relativ sjølvstendigheit som finst under visse vilkå.[4][5] Nettverket blir tidvis oppfatta som å ha hovudsakleg islamistiske perspektiv, med støtte for Det muslimske brorskapet, og å ha eit pro-sunni og anti-sjia-syn når det rapporterter om regionale saker.[6][7][8] Al Jazeera har sendt video- og lydopptak av Osama bin Laden.[9]

Nyheitsavdelinga til nettverket har rundt 70 kontor rundt i verda som blir nytta av fleire av mediakanalane det har. Dette er det nest største talet på slike kontor i verda, etter BBC.[10] I juni 2017 gjekk styrsemaktene i Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Bahrain og Egypt, med støtte frå 12 andre medlemmer av Organisasjonen av islamsk samarbeid, inn for å stenga heile nettverket som eit av tretten krav mot Qatar under den diplomatiske krisa knytt til landet. Andre medienettverk har støtta Al Jazeera.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den opphavleg satellittkanalen Al Jazeera (då kalla JSC eller Jazeera Satellite Channel) hadde si fyrste sending 1. november 1996.[11] Skipinga følgde avsluttinga av den fyrste fjernsynsstasjonen til BBC Arabic, som hadde vore ein joint venture med Orbit Communications Company, som hadde ein fetter av kong Fahd av Saudi-Arabia, Khalid bin Faisal Al Saud, som eigaren. BBC-kanalen blei stengd eit og eit halvt år etter at dei saudiske styresmaktene hadde prøvd å stoppa ein dokumentar om avrettungar under sjarialov.[12]

Emiren av Qatar, sjeikh Hamad bin Khalifa, gav eit lån på 500 million QAR (137 millionar USD) for å støtta Al Jazeera gjennom dei fyrste fem åra.

Al Jazeera English[endre | endre wikiteksten]

I 2001 var Al Jazeera det einaste internasjonale nyheitsnettverket i Kabul i Afghanistan. Særleg etter terrorhandlingane 11. september det året auka etterspurnaden etter engelske omsetjingar av Al Jazeera sitt stoff. Derfor byrja nettverket å tenka på ei nyheitsteneste på engelsk.

I 2003 hyra Al Jazeera dei fyrste engelskspråklege journalistane sine, mellom anna Afshin Rattansi[13] frå BBC sitt nyheitsprogram Today.

I mars 2003 opna det ein nettstad på engelsk.[14] Namnet på nettstaden var Al Jazeera Net, og han blei skipa av yngre journalistar. Nettstaden dekte ulike saker frå nettverket.

Al Jazeera Balkans[endre | endre wikiteksten]

I 2011 skipa Al Jazeera Media Network tv-kanalen Al Jazeera Balkans, ein versjon av Al Jazeera som kringkasta til Balkanbosnisk, kroatisk og serbisk med hovudkontor i Sarajevo i Bosnia og Herzegovina.

Al Jazeera Turk[endre | endre wikiteksten]

I 2013 annonseerte nettverket Al Jazeera Türk, ein tyrkisk versjon av Al Jazeera med hovudkontor i Istanbul som skulle kringkasta i Tyrkia. Nettstaden til denne kanalen opna 22. januar 2014 med nyheitsinnhald. Nettstaden blei stengd i 2017 utan å skipa ein tv-kanal.

Al Jazeera sitt studio i London

Al Jazeera America[endre | endre wikiteksten]

Al Jazeera America var ein amerikansk versjon av Al Jazeera English. Han byrja senda 20. august 2013 på kale og satellit i USA

I 2016 meldte leiaren for Al Jazeera America, Al Anstey, at nettverket kom til å avslutta sendingane 12. april som følgje av det økonomiske landskapet.[15]

Al Jazeera Sports[endre | endre wikiteksten]

I 2004 byrja Al Jazeera dekka idrett på Al Jazeera Sports (seinare beIN Sports), og utvikla 8 arabiskspråklege idrettskanalar.

JeemTV og Baraem[endre | endre wikiteksten]

9. september 2005 skipa Al Jazeera ei barneavdeling med skipinga av Al Jazeera Children's Channel (kjend som JeemTV sidan 2013). Han hadde barn frå 7 til 15 års alder som målgruppe, og sendte 24 timar i døgnet.

16. januar 2009 opna kanalen Baraem, retta mot 3- til 7-åringar, som sendte program 17 timar i døgnet.

1. april 2016 blei begge kanalane kjøpte av beIN Media Group og blei del av beIN Channels Network.

Andre kanalar[endre | endre wikiteksten]

Al Jazeera Media Network driv også ein arabisk dokumentarkanal, Al Jazeera Mubasher, ein kanal som sender direkte frå konferansar av offentleg interesse utan redigering eller kommentarar. Dette var den fyrste kanalen av sitt slag i Midtausten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mofa.gov.qa». Arkivert frå originalen 2010-12-27. Henta 27. desember 2010. 
  2. Robert F. Worth (4 January 2008). «Al Jazeera». The New York Times. 
  3. See Law No 10 of 2011 on the Conversion of Al Jazeera Satellite Network to a Private Corporation for the Public Benefit Arkivert 2021-05-18 ved Wayback Machine. promulgated in accordance with provisions of Decree-Law No. 21 of 2006 Regarding Private Foundations for the Public Benefit Arkivert 2021-06-20 ved Wayback Machine. (amended 2007) issued under the constitution-amendment statute Law no (22) of 2004 Regarding Promulgating the Civil Code Arkivert 2021-04-19 ved Wayback Machine. (ibid.
  4. Figenschou, Tine Ustad (2013). Al Jazeera and the Global Media Landscape: The South is Talking Back (på engelsk). Routledge. s. 27. ISBN 978-1-135-07870-6. Although both Al Jazeera and Qatari officials stress that the network is politically and editorially independent, it is vital to point out that—in the authoritarian Qatari political context—his independence is relative and conditional. ...the present chapter...elucidates Qatar's multi-faceted strategic interests in the Al Jazeera Network and discusses whether AJE serves as a public diplomacy tool for the Qatari authorities. It argues that AJE is a strategic communication tool for Qatar, reflecting and promoting the tiny petro-state's ambitious foreign policy agenda, public diplomacy and place-branding campaigns. 
  5. Dunleavy, Jerry (19. juni 2019). «Al Jazeera pushes back on GOP effort to force it to register as a foreign agent». Washington Examiner. Henta 22. april 2020. 
  6. Goldberg, Jeffrey (10 July 2013). «Why Does Al Jazeera Love a Hateful Islamic Extremist?». bloombergview.com (Bloomberg L.P.). 
  7. «AL JAZEERA: US Government Funded Anti-Muslim Brotherhood Activists». Business Insider. 10 July 2013. Henta 16 June 2015. 
  8. «Arab Gulf States Institute in Washington – Why America Turned Off Al Jazeera – Arab Gulf States Institute in Washington». Arab Gulf States Institute in Washington. 19 February 2016. 
  9. Telhami, Shibley (15. juni 2013). «Al Jazeera: The Most-Feared News Network». Salon. 
  10. Al Jazeera Media Network (29 August 2019). «About Us». Al Jazeera English. 
  11. «Our Story | Al Jazeera Media Network». Al Jazeera Media Network (på engelsk). Henta 24. november 2018. 
  12. «AL JAZEERA TV: The History of the Controversial Middle East News Station Arabic News Satellite Channel History of the Controversial Station». Allied-media. Henta 12 April 2012. 
  13. «Afshinrattansi.com». Afshinrattansi. Henta 12 April 2012. 
  14. «Breaking News, World News and Video from Al Jazeera». www.aljazeera.com. Arkivert frå originalen July 7, 2013. 
  15. «Al Jazeera America to Shut Down». The Hollywood Reporter. 13 January 2016. Henta 13. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]