Qatarsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qatarsk geografi
QatarOMCmap.png
Plassering
Land Qatar
Koordinatar 25°18′N 51°9′EKoordinatar: 25°18′N 51°9′E
Totale landegrenser 87 km km
Grenseland Saudi-Arabia 87 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

11 571 km²
11 571 km²
0 km²
Kystlinje 563 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Qurayn Abu al Bawl 103 moh
Persiabukta 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 1,1 %
Permanente avlingar 0,2 %
Permanente beitemarker 4,3 %
Skogområde 0 %
Anna 94,4 % (2011 est)
Irrigert land 130 km² (2012)
Naturressursar
petroleum, fisk, naturgass
Naturfarar
Støv- og sandstormar, dis
Miljøproblem
Avgrensa tilgang til ferskvatn og auka avhengigheit av avsaltingsanlegg
Qatarsk geografi - Kart over Qatar
Kart over Qatar

Qatar er ei halvøy aust i Arabia, som grensar til Persiabukta og Saudi-Arabia, i ei strategisk plassering nær store petroleumsførekomstar. Qatar dekkjer 11 437 km² på ei halvøy som strekkjer seg kring 160 km nordover og ut i Persiabukta frå Den arabiske halvøya.

Breidda på halvøya varierer frå 55 til 90 km og er stort sett flat (det høgaste punktet er 103 meter over havet) og steinete. Kjende kjennemerke er saltsletta ved kysten, kalksteinsformasjonar (Dukhan-antiklinalen) langs vestkysten over Dukhan oljefelt og massive sanddyner kring Khawr al Udayd, ei vik i Persiabukta i søraust som av lokale vert kalla Innlandshavet.

Generell topografi[endre | endre wikiteksten]

Qatar i januar 2003

Qatarhalvøya er lågtliggande og utgjer toppen av Qatarbogen, ein av dei største strukturane til den arabiske plata.[1] Ho er omringa av laus sand og grus broten laus frå utstikkande kalkstein. I aust finst jamne sletter der overflata er dekkka av finkorna støv. I sør og sørvest på halvøya finn ein sanddyner og saltsletter.[2]

Det ligg fleire flate, lågtliggande øyar utafor kysten i tillegg til fleire korallrev. I område der saltvatnet har kome i kontakt med det lågliggande landet, har det oppstått mange saltpanne har danna nær kysten.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den lange sommaren frå mai til september er prega av intens varme og periodar med både låg og høg råme. Temperaturen kan ofte nå 50 °C. Temperaturane er meir moderate frå november til april, med temperaturar frå opp til 39 °C i april til så lågt som 7 °C i januar.[3] Det regnar lite i landet, kring 100 mm i året, og stort sett berre om vinteren i korte, og stundom kraftige byer som skapar flaum i små rainer og vanlegvis tørre wadiar.[4]

Brå, kraftige støvstormar kjem stundom inn over halvøya, blokker sola og fører til skadar i den kraftige vinden. Dette påverkar både transport og andre tenester.[4]

Mangelen på regn og avgrensa vatn underjorda, som stort sett er så mineralrikt at det ikkje går an å drikke eller bruke til vatning, har avgrensa folketalet og jordbruksutviklinga i landet, før ein fekk ordentlege avsaltingsanlegg. Desse vert nytta til å avsalte sjøvatn.[4]

Vegetasjonssoner[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det meste av landet består av sandørkenar, er ein liten del av landet delt inn i forskjellige vegetasjonssoner, der tre, siv og kratt som tamarind og muskat. Desse regionane finn ein hovudsakleg i aust, nær kysten.[5]

Areal og landegrenser[endre | endre wikiteksten]

Qatar har ei landegrense, mot Saudi-Arabia i sør. Grensa med Saudi-Arabia vart fastslått i 1965, men aldri teikna ned. Nordvestkysten av Qatar ligg mindre enn 30 km frå hovudøya i Bahrain, meden dei mindre Hawarøyane i Bahrain berre ligg 1,4 km utafor kysten.[4]

Maritime krav[endre | endre wikiteksten]

kontinuerleg sone: 24 nautiske mil

eksklusiv økonomisk sone: som fastsett i bilaterale avtalar, eller midtlinja.

territorialfarvatn: 12 nautiske mil

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Av øyar som høyrer til Qatar er Halul den viktigaste. Ho ligg kring 90 km aust for Doha og tener som lagringsområde og lasteterminal for olje frå dei kringliggande offshorefelta. Hawarøyane ligg like utafor vestkysten og vert gjort krav på av både Qatar og Bahrain.[4]

Miljøavtalar[endre | endre wikiteksten]

Qatar er deltaktig i avtalar som omfattar følgjande internasjonale miljøvernsavtalar:[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jeremy Jameson, Christian Strohmenger. «What's up with Qatar? How eustasy and neotectonics influenced the late Pleistocene and holocen sea-level history of Qatar». ExxonMobil Research Qatar. Henta 24. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 Abdul Nayeem, Muhammad (1998). Qatar Prehistory and Protohistory from the Most Ancient Times (Ca. 1 000 000 to End of B.C. Era). Hyderabad Publishers. s. 2. ISBN 9788185492049. 
  3. Casey & Vine (1991), s. 69
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Geography». Library of Congress Country Studies. Henta 24. oktober 2016.   Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå Library of Congress Country Studies.
  5. Muhammad Aurang Zeb Mughal (2013) «Persiabukta Desert and Semi-desert.» Robert Warren Howarth (ed.), Biomes & Ecosystems, vol. 3. Ipswich, MA: Salem Press, s. 1000-1002.
  6. «Geography». CIA World Factbook. Henta 17 July 2015.  {{{2}}} i The World Factbook