Al Karak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karak
مدينة الكرك
by
Kallenamn: Moab qir
Land  Jordan
Guvernement Karak guvernement
Høgd 930 moh.
Koordinatar 31°11′0″N 35°42′0″E
Areal 765 km²
Folketal 21 678  (2003)[1][2]
 - storby 68 810
Folketettleik 28 / km²
Retningsnummer +(962)2
Kart
Al Karak
31°10′0″ N 35°42′0″ E
Wikimedia Commons: Karak

Al Karak (arabisk skrift الكرك), òg kalla Kerak, er ein by i Jordan kjend for krossfararborga Kerak. Borga er ei av dei tre største borgene i regionen, i lag med to i Syria. Karak er det administrative senteret i Karak guvernement.

Karak var ein gong eit kongedøme og ligg 140 km sør for Amman langs Kongevegen. Den gamle krossfararborga ligg på ein åstopp, 1000 meter over havet og er omgjeve av ein dal på tre sider. Ein kan sjå Daudehavet frå Karak. Byen har kring 20 000 innbyggjarar og vart bygd kring borga med fleire osmanske bygningar frå 1800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Karak har vore busett sidan minst jernalderen, og var ein viktig by for moabittane (som kalla han Qir-Moab). I Bibelen vert han kalla Qer Harreseth og er omtalt som ein del av det assyriske riket. I Kongebøkene (16:9) og Amos (1:5, 9:7) erh an nemnt som staden der syrarane gjekk før dei slo seg ned i regionane nord for Palestina, og der Tiglath-Pileser III sende fangar etter erobringa av Damaskus. I 1958 vart restane av ein inskripsjon funnen i dalen ved al Karak datert til seint på 800-talet fvt. Området kom etter kvart under nabatearane. Romarane (med støtte frå ghassanidane) erobra området i 105 evt. Ein trur Al-Ghassasneh-stamma var dei første til å busetje staden der dagens al-Karak ligg. Seint i hellenistisk tid vart Al Karak ein vitkig by og tok namnet sitt frå det arameiske ordet for by, Kharkha.[3] Under romersk styret vart byen kalla Areopolis, og i seinantikken Harreketh. Under Austromarriket var han eit bispesete.

Krossfararane og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

I 1132 gjorde kong Fulk av Jerusalem, krossfararkongen av Jerusalem, hovmeisteren Pagan herre av Montreal og Oultrejourdain, landområda aust for Jordanelva og Daudehavet. Pagan la hovudkvarteret sitt til al-Karak der han bygde ei borg på ein ås krossfararane kalla Petra Deserti - Steinen i ørkenen.[4] Borga hans står framleis i dag, men har vorte mykje endra.

Borga var berre hos krossfararane i 46 år. Ho hadde blitt truga av hæren til Saladin fleire gonger, men overgav seg til slutt i 1188, etter at borga hadde vore kringsett i over eitt år.[5] Den yngre broren til Saladin, Al-Adil, var guvernør i distriktet før han vart herskar over Egypt og Syria i 1199.[6]

Borga spelte ei viktig rolle som ein stad for eksil og maktbase fleire gonger under Mamelukk-sultanatet. Byen hadde kontroll over karavaneruta mellom Damaskus og Egypt og pilegrimsruta mellom Damaskus og Mekka. På 1200-talet brukte mamelukk-herskaren Baibars staden som eit springbrett på veg til toppen av makta. I 1389 vart sultan Barquq send i eksil til al-Karak, der han samla støttespelarar før han drog attende til Kairo.[7]

Al-Karak var fødestaden til Ibn al-Quff, ein arabisk lege og kirurg som skreiv dei tidlegare arabiske behandlingsmetodane for kirurgar i mellomalderen.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1844 sende Ibrahim Pasha av Egypt ein ekspedisjon vest for Daudehavet. Soldatane hans okkuperte borga ved Karak, men dei vart svelta ut og tapte mange liv. Mohammed Al Majali som hadde kontroll over Karak i 1868, var involvert i hendingar som førte til at Moabitt-steinen vart øydelagd.[8] I 1893 oppretta øvsteporten Abdul Hamid II underdistriktet Ma'an, med ein sitjande guvernør (Mutasarif) i Karak, under Wāli Syria basert i Damaskus.[9]

Etter San Remo-konferansen i 1920, fekk Storbritannia eit mandat til å styre området. Den første høgkommisæren i Jerusalem, Herbert Samuel, sende fleire embetsmenn aust for Jordanelva for å skape ein lokal administrasjon. Major Alec Kirkbride sat i al-Karak med ein liten avdeling politimenn. Han oppretta det han kalla Nasjonalstyret av Moab med eg sjølv som president. I januar 1921 byrja emir Abdullah Hussein å samle ein hær i Ma'an og annonserte at han hadde planar om å angripe franskmennene i Syria. Etter ein kort konsultasjon med sine øvstkommanderande, tok Kirkbride i mot emiren. Under Kairo-konferansen i mars 1921, vart Abdullah anerkjend av britane som herskar av Transjordan.[10]

I august 1996 vart det opprør i byen då regjeringa auka brødprisen.[11]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske flagget Birmingham i Alabama i USA

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (ar) جريدة الغد
  2. (ar) Karak 4u Arkivert 2008-04-15 ved Wayback Machine.
  3. Hitti, Philip K. (1970) History of the Arabs. Macmillan. ISBN 0-333-09871-4. Page 641.
  4. Runciman, Steven (1951) A history of the Crusades. Volume II. The Kingdom of Jerusalem and the Frankish East. 1100-1187. Cambridge University Press. ISBN 0-521-06162-8. Page 230.
  5. Runciman. s. 468. «etter den siste hesten var eten.»
  6. Hitti. Page 652.
  7. Holt, P.M. (1986) The Age of the krosstoga. The Det nære austen from the Eleventh century to 1517. Longman. ISBN 0-582-49302-1. Pages 86, 128.
  8. Doughtey, Charles M. (1888), Travels in Arabia Deserta. Cambridge University Press. Jonathan Cape edition (1936) page 65.
  9. Bliss, page 203.
  10. Sykes, Christopher (1965) Cross Roads to Israel: Palestine from Balfour to Bevin. New English Library Edition (pb) 1967. Pages 52,53.
  11. Mannheim, Ivan (2000) Jordan Handbook. Footprint Handbooks. ISBN 1-900949-69-5. Page 227.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]