Ma'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'an
مدينة معان
by
Eit bilete før 1920 av togstasjonen i Ma'an. Hejazbanen er framleis i drift i dag.
Kallenamn: Hovudstaden for det store arabaropprøret
Land  Jordan
guvernement Ma'an guvernement
Koordinatar 30°11.6′N 35°44′E
Areal 7,5 km²
 - storbyområde 100 km²
Folketal 50 350  (2007)
Folketettleik 6 713 / km²
kommune sidan 1898
Borgarmeister Khalid Alshummary
Retningsnummer +(962)3
Kart
Ma'an
30°11′36″ N 35°43′0″ E
Wikimedia Commons: Ma'an
Nettstad: http://www.maan.gov.jo

Ma'an (arabisk معان) er ein by sør i Jordan, 218 km sørvest for hovudstaden Amman. Han er det administrative senteret i Ma'an guvernement. Folketalet er kring 50 000. Det har eksistert sivilisasjonar med namnet Ma'an sidan nabatearane og den moderne byen ligg like nordvest for oldtidsbyen. Byen er eit viktig trafikknutepunkt langs den eldgamle Kongevegen og den moderne Ørkenhovudvegen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ma'an vart grunnlagd av minaearane (kalla Ma'in på arabisk), eit arabisk oldtidsfolk frå Jemen, mellom 300- og 100-talet fvt.[1] Staden låg ved ei stor handelsrute og vart busett av minaeiske handelsfolk og kjøpmenn.[2] I følgje ei lokal segn vart byen kalla opp etter «Ma'an», sonen til Lot.[3]

I bysantinsk tid i Syria, vart Ma'an ein del av området til den arabiske kristne stamma Banu Judham, som var vasallar under bysantinarane i Transjordan.[3] Tidleg på 600-talet konverterte den kristne guvernøren i Ma'an, Farwa ibn Amr al-Judhami, til islam og sende Muhammad mange gåver, som kvite muldyr og gull. Då dei bysantinsk styresmaktene fekk vite om dette fekk han ordre om å sei frå seg den nye religion, men han nekta.[4] Den bysantinske keisaren gav dermed ordre om å ta han til fange og så krossfeste han.[3] Som hemn sende den muslimske staten i Medina ein hær leia av Usama ibn Zayd for å erobre Ma'an.[treng kjelde]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

omajadane tok kontroll over kalifatet, gjekk Ma'an inn i ein relativt velståande perioden. I 951 evt. skildra Istakhri byen som «ein liten by ved grensa til ørkenen.» Ha nhevda at dei fleste innbyggjarane høyrte til omajade-familien eller klientane deira, sjølv om omajadane på den tida hadde blitt styrta av Abbasidekalifatet. Istakhri skreiv òg at Ma'an tente som ei festning i Sharah-distriktet (dagens Sør-Jordan) og «reisande vart godt mottekne».[5] Det vart organisert ein marknad i byen der pilegrimar kunne lagre unødvendige eigedelar.[1]

Då den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi vitja tidleg på 1200-talet under ajjubidane, var Ma'an stort sett i ruinar i Balqa-distriktet i Bilad al-Sham (den islamske provinsen Syria.) Hajj-pilegrimsruta til Mekka passerte framleis gjennom byen, som òg hadde ein kvilestad.[6] Mot slutten av 1200-talet gjorde dei nye herskarane i Syria, Bahri-mamelukkane, Ma'an og området kring til eit av fire distrikt i provinsen al-Karak.[7] I følgje al-Dimashqi voks staden i denne tida til ein «liten by», med ein khankaravanserai») som inkluderte ein «marknad for forsyningar» og eit herberge. Den muslimske geografen Ibn Batutah skreiv at Ma'an var «den siste plassen i Syria» før ein kom til Akaba as-Sawan i Hejaz.[6]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Kart over Osmansk Syria, med Ma'an sanjak.

På grunn av de geografiske isoleringa frå resten av Syria og få reisande (utanom pilegrimar på veg til Mekka), var historia til Ma'an den minst dokumenterte av distrikta i Transjordan i Dimashq vilajet (provinsen Syria)—i det minste fram til det vart forsøkt å innføre direkte styre seint på 1800-talet.[8] Osmanarane skattla Transjordan i 1517 og i 1559, under Suleiman den store, og bygde eit fort i Ma'an for å passe på pilegrimsruta.[9] Guvernøren i Damaskus stoppa eit opprør i Ma'an og nærliggande byar i Palestina og Transjordan i 1656, men osmanske soldatar vart seinare utsletta under opprøret til Banu Tamim-stamma. Etter det sleit osmanarane med å få full kontroll over området.[10]

Ma'an var delt inn i to fråskilde kvarter sidan omajadane:[1] Ma'an al-Shamiyya og Ma'an al-Hijaziyya. Sistnemnde tente som hovudbyen, medan førstnemnde var eit mindre nabolag busett av syrarar frå nord.[8] Byen fortsette å spele same rolle som ein by langs hajj-ruta og økonomien var i stor grad avhengig av pilegrimane.[11] Den viktigaste handelspartnaren var kystbyen Gaza sør i Palestina, og frå her vart det ført forsyningar til Ma'an som vart selde til pilegrimane.[12] Forsyningar vart òg importerte frå Hebron. I tillegg til forsyningar, eksporterte karavanane frå Ma'an buskap, særleg kamelar for transport og sauer for rituelle offer. Dei innkomande karavanane var kjøparen sin marknad for varer frå heile den muslimske verda. Kulturen i Ma'an var i stor grad påverka av rolla si langs hajj-ruta og i motsetnad til mange andre ørkenbyar, var dei fleste innbyggjarane lesekunnige og mante tente som imamar eller religiøse rådgjevarar for beduinstammene i området. Den sveitsiske turisten Johann Ludwig Burckhardt skreiv at folk i Ma'an «rekna byen som ein forpost til den heilage byen Medina[11]

Seint på 1800-talet gjorde dei osmanske styresmaktene fleire forsøk på løfte den politiske statusen til Ma'an til fordel for al-Karak, men alle forsøka vart kortvarige eller mislukka. I 1868 klarte den osmanske guvernøren i Syria, Rashid Pasha, å gje Ma'an sin eigen kaza («underdistrikt») i al-Balqa sanjak (distrikt) i Damaskus vilayet (provins). Fire år seinare føreslo guvernøren Abdulletif Subhi Pasha at Ma'an skulle bli ein eigen sanjak som ville omfatte al-Karak, as-Salt og al-Jawf. Dette forslaget var populært hos regjeringa i Istanbul, men møtte stor motstand frå Midhat Pasha, ein leiande Tanzimat-reformator, som hevda at dei administrative kostnadene med å gjere Ma'an til distriktshovudstad, ville bli for store.[13]

Etter den britiske okkupasjonen av Egypt, byrja dei osmanske politikarane å gjere seriøse forsøk på å forme ein ny vilajet ut av Vilayet Damaskus og samle distrikta Ma'an, al-Balqa og Jerusalem som ein buffer mot ein potensiell britisk invasjon av Syria. Dette mislukkast, men eit nytt forslag i 1886 gjorde Ma'an til hovudstaden i eit distrikt som omfatta al-Karak og Tafilah og nahiyaene Amman, Bani Hamida og Wadi Musa.[13] Måler til guvernøren Osman Nuri Pasha var å opprette eit senter for styresmakta sør i Transjordan for å «unngå og framandgjere folket.»[14] Sultan Abdulhamid II godkjende planen i 1892. Opprettinga av den nye sanjaken vart forseinka og etter kvart skrinlagd av den leiande sjeiken i al-Karak.[13] Al-Karak vart rekna som ein meir høvande distriktshovudstad på grunn av større folkesetnad, at han låg nærare Palestina og forholdet mellom notabiliteten i byen og styresmaktene i Damaskus og Istanbul.[15]

I 1902 vart Ma'an togstasjon opna med samband til Damaskus og Medina.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Den hashimittiske emiren Abdullah I kom til Ma'an i 1920 med fleire hundre soldatar i eit forsøk på gjenopprette den sharifiske trona i Damaskus etter overtakinga av Frankrike.[16] Han talte om den franske koloniseringa av Syria med å sei til Ma'an-innbyggjarane at «Kolonistane har kome for å stele frå dykk dei tre nådene: tru, fridom og maskulinitet.»[17] Etter at britane erobra området under fyrste verdskrigen, vart Palestinamandatet grunnlagd i 1922. Det omfatta Transjordan, som vart delvis sjølvstyrt under den britiske administrasjonen i Palestina. Ma'an vart ein del av Transjordan i 1925.[18] Den britiske hæren hadde eit regiment med pansra køyretøy i byen.[19]

I 1998 oppstod det store demonstrasjonar i Ma'an etter trugslar om eit amerikansk åtak mot Irak. Demonstrantane bar flagget til Saudi-Arabia, og jordanske spesialstyrkar og politi prøvde å roe ned demonstrantane, noko som førte til at ein demonstrant mista livet og 25 menneske vart skadde, inkludert politifolk. Kong Hussein sendte ut den jordanske hæren og det vart innført portforbod i Ma'an, i tillegg til at alle telefonlinjene vart kutta. Hussein kom sidan til byen for å møte hæren og lokale stammeleiarar i eit forsøk på å roe ned byen. Han sa at opprøra var eit hån mot landet og utanlandske infiltratørar hadde provosert fram demonstrasjonane.[20]

Ma'an var òg åstad for kampar mellom den jordanske hæren og islamske grupper i 2002 etter at ein amerikansk diplomat mista livet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ma'an har eit tørt klima med varme somrar og milde til kjølige vintrar. Det meste av regnet kjem om vinteren.

Vêrdata for Ma'an
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 13,4 15,4 19 24,2 28,7 32,4 33,9 34,1 32,3 27,2 20,3 15,1 24,7
Døgnmiddeltemperatur °C 7,5 9,1 12,2 16,9 20,8 24 25,5 25,6 23,8 19,5 13,5 9 17,3
Gjennomsnittleg min °C 1,6 2,8 5,3 9,5 13 15,6 17,2 17,2 15,4 11,7 6,8 3 9,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 7,1 7,3 6,9 3,6 2 0 0 0 0,2 3,8 4,3 7,5 42,7
Gns. dagar med regn 1,9 1,4 1,7 0,8 0,3 0 0 0 0,1 0,6 0,7 1,8 9,3
Gns. solskinstimar i månaden 229,4 228,8 263,5 270 322,4 369 384,4 365,8 318 291,4 246 223,2 3 511,9
Kjelde: Hong Kong Observatory,[21]


Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Al-Hussein Bin Talal universitet er det einaste universitetet i Ma'an.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Museum With No Frontiers, s.203.
  2. Bromiley, s.362.
  3. 3,0 3,1 3,2 Gibb, s.897.
  4. UNESCO, s.184.
  5. le Strange, s.508.
  6. 6,0 6,1 le Strange, s.509.
  7. Rogan and Tell, s.17.
  8. 8,0 8,1 Rogan, s.33.
  9. Shoup, s.16.
  10. Rogan and Tell, s.26.
  11. 11,0 11,1 Rogan, s.34.
  12. Rogan, s.35.
  13. 13,0 13,1 13,2 Rogan and Tell, s.41-42.
  14. Rogan, s.190.
  15. Rogan and Tell, s.43.
  16. Massad, s.103.
  17. Massad, s.89.
  18. Massad, s.56.
  19. Massad, s.186.
  20. Massad, s.273-274.
  21. «Climatological Information for Ma'an i Jordan». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 6. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]